Handlingsplanar og deling av institutt på styremøte


Fakulteta sine handlingsplanar og delinga av Norsk Hotellhøgskole - Institutt for økonomi og leiingsfag er blant sakene som blir behandla på styremøtet ved UiS torsdag 14.mai.

Styret vil på møtet bli orientert om fakulteta sine handlingsplanar. Fakulteta vedtek sjølv handlingsplanane sine innanfor ramma styret har fastsette i ”Strategidokument for UiS 2009-2020”. Dei vedtekne handlingsplanane blir så sende styret til orientering. I fjor tok styret fakulteta sine handlingsplanar 2009-2011 til orientering, samtidig som styret bad om at handlingsplanane blir rullerte jamleg, fyrste gong i løpet av fyrste halvår 2009. Saka er dermed ei oppfølging av styret sitt vedtak.

I saksdokumenta får fakulteta ros for arbeidet som dei har lagt ned i rulleringa av handlingsplanane. Utviklingsideen (nyskapande og innovative), faglege prioriteringar og fagleg profil kjem klarare fram i justeringa av planane. I tillegg er det teke omsyn til andre område av styret i møtet 27. november 2008. Også risikovurderinga av handlingsplanane rosast. Planane vil bli vurderte i forhold til årsplan og tilgjengeleg årsbudsjett.

Universitetsdirektøren har tiltru til at fakultetet sin solide kompetanse på dette området er i tråd med ei forsvarleg vurdering av planen.

Eitt institutt blir til to
Styret vedtok hausten 2008 at Norsk Hotellhøgskole - Institutt for økonomi og leiingsfag (NHS-IØL) blir delte i to under visse føresetnader, mellom anna ein plan for opptrapping av studentar ved dei to nye institutta. NHS-IØL har laga ein opptrappingsplan som skisserer tiltak for arbeidet med opptrapping av opptaket ved NHS og IØL

Ei eiga arbeidsgruppe har vurdert effektivisering av studieporteføljen ved NHS-IØL som, ifølgje saksdokumenta, gir eit godt grunnlag for det vidare arbeidet. I dokumentene blir det konstatert at arbeidsgruppa har vektlagt auka sambruk av fellesemne mellom programma på NHS-IØL.
Det er vesentleg at tiltak som blir iverksett mogeleggjer auka samarbeid om fellesemne samtidig som ein klarer å vareta profila til dei særeigne institutta.

Arbeidsgruppa som har utgreitt senter for nytta finans har levert ei førebels vurdering. Arbeidet er i følgje sakspapira godt i gong, og styret sitt vedtak er oppfylt.

Styret vil også behandle ei varslingssak. Denne er unnateke offentlegheit.

Møtet finn stad på Arkeologisk museum og startar klokka 09.00.

Sjå innkalling og saksdokument

 


Sist oppdatert av (13.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol