Seminar om religion i skulen


I helga (16.-18. mai) er Universitetet i Stavanger vertskap for 15-20 europeiske forskarar som skal presentere papers og diskutere internasjonalt samarbeid knytta til religion. Tema for seminaret er kontekstomgrepet i religionsdidaktisk forsking.

Nettverket som møtes denne helga, heiter The European Network for Religious Education through Contextual Approaches (ENRECA), og har arbeidd saman sidan 2003. Nettverket har produsert fleire bøker basert på sine tidlegare seminarar og har i samarbeid med eit anna europeisk forskarnettverk laga ein bokserie på det prestisjetunge tyske forlaget Waxmann.

Det er førsteamanuensis Geir Skeie ved Institutt for kultur og språkvitskap, som saman med Dag Husebø og doktorgradsstudentane Marie von der Lippe og Øystein Lund Johannessen er vertskap for seminaret. Han forklarer temaet for årets møte slik:

– Når vi snakkar om religion i utdanning, snakkar vi også mykje om kontekst. Den mest opplagde konteksten er samfunnet – eit moderne fleirkulturelt samfunn. Men andre kontekstar er for eksempel lokalsamfunn og kvardagsliv. Det er ikkje opplagt kva slags tyding kontekst har å seie for arbeidet i skulen. Kontekstomgrepet kan forstås på mange måtar, det er også derfor vi i nettverket har funne det naudsynt å diskutere nettopp dette omgrepet.

Øystein Lund Johannessen har for eksempel sett på korleis konfirmasjonen skaper ein kontekst for religionsundervisinga i skulen og korleis elevar og lærarar håndterer dette på ulike måtar. Dette vil han presentere på seminaret.
 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (13.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Geir Skeie.
KONTEKSTOMGREP: Komande helg skal førsteamanuensis Geir Skeie ved Institutt for kultur og språkvitskap diskutere kontekstomgrepet med sine kollegar ved UiS og tilreisande forsakrar frå Europa.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER