Bjørnar Heide disputerer


Bjørnar Heide disputerer for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger tirsdag 19. mai kl. 12.15 med avhandlinga Monitoring Major Hazard Risk for Industrial Sectors.

Disputasen finn stad tirsdag 19. mai kl. 12.15 i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164, inngang sør.

Prøveførelesing kl 10.00. Oppgjeve emne for prøveførelesing: “Review and discussion of ‘Resilience engineering’ theory, with reflection on potential implications for selection of major hazard indicators”.

Avhandlinga har fem forskingsartiklar og skildrar metodar for overvaking av risiko i samband med storulykker i offshoresektoren, kraftforsyning og onshore petroleumsanlegg.

Om avhandlinga

Overorda målsetting for avhandlinga er å utvikla metodikk for å kunna vurdera status og trender for tryggleik på nasjonalt nivå, ved å byggja vidare på arbeidet som tidlegara var gjort av fagpersonar ved UiS for norsk offshorebransje. Ulike sektorar og område treng eit slikt system, og vi treng ei overordna tenking og metodar som kan gje ein plattform for samanlikningar og prioriteringar for å ta ”temperaturen” på det arbeidet som blir gjort i ulike industriar og innan offentleg forvalting.

Systemet vil også kunne synleggjera nivå og trend for risiko for store ulukker, og kan brukast som innspel til betre prioriteringar av nasjonalt arbeid knytta til samfunnstryggleik. Det kan også brukas til å gjera samanlikningar innad i sektorar og mellom sektorar.

Bjørnar Heide er fødd i 1977 i Oslo og bur no i Sandnes. Han tok ingeniørutdanning i 2000 på Høgskulen i Agder med teknisk-økonomisk studieretning, og i 2003 sivilingeniørutdanninga i samfunnstryggleik på Høgskulen i Stavanger. Han er no senior tryggleiksingeniør i risikoanalyseavdelinga til Safetec Nordic AS.

Bedømingskomité: 1. Professor Ben Ale, Delft University of Technology, Holland. 2. Dr. Vidar Kristensen, Petroleumstilsynet, Stavanger. 3. Førsteamanuensis Eirik B. Abrahamsen, Universitetet i Stavanger, (administrator).

Hovudvegleiar: Professor Jan Erik Vinnem, Universitetet i Stavanger.

Medvegleiar: Professor Terje Aven, Universitetet i Stavanger.

Leiar av disputasen: Instituttleiar Hans J. Fevang, Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging, Det teknisk-naturvitskaplege fakultet, UiS.


Sist oppdatert av (14.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol