Britt S. Hansen disputerer


Britt Sætre Hansen disputerer for ph.d. graden ved Universitetet i Stavanger fredag 15. mai 2009 kl. 12.00 med avhandlinga ”Intensivsykepleiere og legers ulike inter og intraprofesjonelle forståelse av protokollstyrt avvenning fra respiratorbehandling”.

Disputasen finn stad fredag 15. mai i Kjell Arholms hus, Auditorium A1

Prøveforelesing kl. 10.00 Oppgitt emne for prøveforelesing:

”Verbal og nonverbal kommunikasjon med pasient i samband med respiratorbehandling –

aktuell forskning innen området

Om avhandlinga

Ved hjelp av ulike metodar har målsettinga vore å kartleggja og beskriva ein tverrfagleg prosess i ei intensivavdeling, nemleg respiratoravvenningsprosessen. Vi oppdaga samarbeidssystem som heilt klårt kan forbetras i tillegg til at vi fann ein ny måte å måla avvenningsavvik på. Våre funn viser betydninga av å kartleggja og måla prosessane som ein ønskjer å forbetra, i dette tilfellet tverrfagleg respiratoravvenning, for å oppdaga gode og dårlege sider.

Dette er viktig kunnskap fordi den kan føra til betre kvalitetssikring av prosedyrar som krev samarbeid innan eller mellom profesjonar og på den måten auka pasienttryggleiken. Organisasjonsstrukturen blei sett på som ein av hovudårsakane til at tid som kunne vore brukt til respiratoravvenning, ikkje blei brukt til formålet. Inter- og intraprofesjonelle ulikskap påverka avvenningsprosessen og fekk aukt fokus på tverrfaglege arenaer med diskusjon, refleksjon og teamlæring blei føreslått som viktige forbetringstiltak.

Leiare på alle nivå må ha fokus på systemtenking og syta for å få eit klima for utveksling av kunnskap og røynsle. Det fins mykje kunnskap ved senga som det er verd å lytta til. Det er naudsynt å få satt av tid til teamlæring og refleksjon i ein travel kvardag, for å skapa trygge omgivingar bygd på kunnskap og kvalitet.

Praksisnært

Doktorgradsarbeidet er nært til praksis og avdekkjer ein systemsvikt og ei leiingsutfordring. Helsearbeidarar som blei intervjua kom med mange forslag til endring som det er verd å lytta til. Små systemendringar kan føra til betre og meir effektiv pasientbehandling i tilegg til at dagane kan bli mindre stressande og meir målretta for helsearbeidarane. Arbeidet har stor gjenkjenningsverdi både innanlands og utanlands.

Britt Sætre Hansen er utdanna høgskulekandidat ved Høgskulen i Stavanger i personaladministrasjon 1992-1994, og har vidareutdanning i førebyggjande arbeid (helsesøsterutdanninga) 1994. Ho har grunnfag, mellomfag og hovudfag (2002), ved medisinsk fakultet, Institutt for samfunnsvitskaplege fag, Universitetet i Bergen.

Britt Sætre Hansen er frå Stavanger og er no tilsett ved Stavanger Universitetssjukehus som fag- og forskingssjukepleiar.

Stipendiatstillinga er finansiert av Stavanger Universitetssjukehus og Lærdal Foundation for Acute Care Medicine.

Bedømmingskomité: 1. Professor Kenneth Asplund, Mittuniversitetet, 2. Dr. polit. Ingela Berggren, Högskolan Väst. 3. Dr. polit. Kari Vevatne, Universitetet i Stavanger (administrator).

Hovudvegleiar: Professor Elisabeth Severinsson, Universitetet i Stavanger.

Medvegleiar: Professor Eldar Søreide, Stavanger Universitetssjukehus.

Leiar av disputasen: Dekan Marit Boyesen, Det samfunnsvitskaplege fakultet, Universitetet i Stavanger.


Sist oppdatert av (13.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol