Rogaland som utdanningsregion


Er vi ein offensiv utdanningsregion? Og korleis blir framtida? Det er sentrale spørsmål under Dialogkonferansen i Stavanger Forum 10. september.

Her finner du presentasjonene fra konferansen

For første gang arrangerer Stavangerregionen Næringsutvikling AS og Det humanistiske fakultet ved Universitetet i Stavanger dialogkonferanse med fokus på sentrale utfordringar for Rogaland som utdanningsregion. Konferansen har undertittelen "Koordinerte krefter eller krise og kav"?

Treng god arbeidskraft
Regionen står føre fleire utfordringar og vegval. Fleire av desse kan berre møtast gjennom eit utdanningssystem som tilbyr tilstrekkeleg og kompetent arbeidskraft. Barn og unge må både få ballast for å meistre livet og også tilføre regionen kompetanse som kan halde ved like og vidareutvikle næringsgrunnlaget.
Maktar det regionale utdanningssystemet dette? Tilbyr utdanningsinstitusjonane i regionen det som regionen treng, og korleis kan samarbeidet mellom næringslivet og utdanningsinstitusjonane bli enda tettare?

Analyserer behovet
Når regionen set opp nye scenarium og nye næringspolitiske mål, må kompetansegrunnmuren vere på plass. Regionen treng ein barnehagesektor med nok førskulelærarar som sikrar grunnleggjande læring for barna og som gir eit attraktivt barnehagetilbod. På samlinga legg forskingsinstituttet IRIS fram analysar som viser behovet for førskulelærarar i åra framover. Er læringsresultata i grunnskulen gode nok, og korleis kan vi i større grad lime vidaregåande opplæring med universitetsutdanningar?

Skal bli årleg
Desse utfordringane takast opp på konferansen i Stavanger Forum 10.september. Deltakarane vil møte både varierte innlegg og aktive arbeidsformer. Siktemålet å samle sentrale aktørar for drøftingar og vidare satsingar.
Det er første gang denne dialogkonferansen blir arrangert. Målet er at det skal bli ei årlig hending. Arrangørane legg vekt på at deltakarane etter konferansen skal motta ei oppsummering som viser vidare utfordringar for Rogaland som utdanningsregion. Dagen blir arrangert i samarbeid mellom Stavangerregionen Næringsutvikling AS og Det humanistiske fakultetet ved Universitetet i Stavanger.

Last ned program her (pdf, 288 kB)

Meld deg på her


Sist oppdatert av (21.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjonsfoto av glad gutt foran vindmøller
Blir det nok lærarar for framtidas born i Rogaland? Det blir eit sentralt spørsmål på ein konferanse arrangert av Universitetet i Stavanger og Stavangerregionen Næringsutvikling AS.
Portrett av seniorrådgiver Sigurd Aukland
Seniorrådgiver Sigurd Aukland ved Det humanistiske fakultet er med på arrangørsiden for Universitetet i Stavanger.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER