IØRP aktive på publisering


Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging (IØRP) på Universitetet i Stavanger, er på 14. plass i Norge når det gjeld publikasjonspoeng per vitskapleg tilsett. Oversikta er henta frå Database for statistikk om høgare utdanning (DBH).

Det er totalt over 250 institutt/einingar som er representert i statistikken for i hovudsak universitet og vitskaplege høgskular i Norge. IØRP har eit gjennomsnitt på 2,8 poeng per vitskapleg tilsatt (årsverk) i åra 2006, 2007 og 2008.

- Dette er svert positive tal for IØRP, seier instituttleiar Hans Jacob Fevang. Det er òg gledeleg at vi har halde oss på dette høge nivået over ein treårsperiode og at vi har hevda oss så godt i ein nasjonal samanhang. Vi venter at dette høge nivået vil gjelda òg for 2009.

IØRP har 13 vitskaplege årsverk.

- Tala er eit døme på at vi har eit aktivt og etablert forskingsmiljø med fagpersoner som professorene Terje Aven, Petter Osmundsen, Frank Asche og Ragnar Tveterås som drivkrefter med mange publikasjonspoeng, held Fevang fram. Dei vitskaplege tilsette har vore aktive i mange år, og det skjedde ei klar auke i aktiviteten etter at risikostyring og samfunnstryggleik blei eit doktorgradsområde i 2003.
Oversikten frå DBH ligg her.


 

 

 


Sist oppdatert av (08.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol