Foredrag om religiøs utvikling blant utvandrarar


Rektor og professor Vidar L. Haanes ved Det teologiske Menighetsfakultetet (MF), held foredrag i Forum for historie, kultur og samfunn onsdag 13. mai.

Tittel på foredraget er Mellom utopisme og sosial assimilasjon: Foredrag om den kyrkjelege og religiøse utviklinga blant utvandrarar.

Det var hovudsakleg kvekarar og haugianarar som i 1825 reiste ut frå Stavanger til Amerika med sluppen Restauration. I Amerika finn vi i 1820-åra tendensar til utopisme, som for eksempel draumen til mormonarane om det nye Sion på amerikansk jord. Vi finn også klare utopiske visjonar hos Cleng Peerson. Friedrich Engels skildrar samfunnsformene i Amerika i 1830-åra og konkluderer med at kommunismen er mogeleg, og faktisk sett ut i livet i fleire fellesskap i Amerika, og det med det beste resultat. Han fortel om dei same gruppene (shakers og rappittar) som norske utvandrarar hadde kontakt med. Mange norske blei freista av tilboda i den religiøse smeltedigelen.

Men dei kommunistiske fellesskapa heldt fram med å vere utopiar. Talet på norske immigrantar auka sterkt etter 1860, og rivalisering blant dei ulike immigrantgruppene førde til ei medvitsgjering på eigen identitet. For mange innebar dette ei sterkare vektlegging av den norske arv og den lutherske trua. Til og med dei radikale, lågkyrkjelege haugianarane etablerte skular, høgskular, forlag og aviser. Det førde gradvis til ein sterkare sosial assimilasjon i det fleirkulturelle Amerika.

Foredraget finn stad kl.18.00 til 19.30 i kafeen på Arkeologisk museum.
 


Sist oppdatert av (06.05.2009)

Skriv ut artikkel print symbol