Universitetet i Stavanger satsar på etterutdanning av kiropraktorar


Universitetet i Stavanger tek over regien for etterutdanning av norske kiropraktorar. Det er målet i ein avtale mellom UiS, Stavanger Universitetssjukehus og Norsk kiropraktorforening.

Allereie i august startar det fyrste kurset for rundt 20 turnusrettleiarar innan kiropraktikk ved Universitetet i Stavanger. Norsk kiropraktorforening (NKF) kjem også til å halde sitt eige kurs for 40-50 turnuskandidatar ved UiS til hausten. I tillegg er planen at stadig meir av den ordinære etterutdanninga av kiropraktorar, som i dag skjer i regi av NKF sjølv, skal knytast til UiS.

UiS organiserar
Norske kiropraktorar gjennomfører rundt 1200 dagar med etterutdanning kvart år. I tillegg kjem kursa for turnuskandidatar. Dette blir i dag organisert gjennom Norsk kiropraktorforening sjølv. I framtida skal Universitetet i Stavanger si eining for etter- og vidareutdanning, UiS Pluss, etter planen organisere og arrangere kursa. Fagmiljø frå universitetet skal hjelpe til i undervisninga. Målet er at dette skal føre til vidareutdanningar innan kiropraktikk som gir studiepoeng.

Manglar utdanningstilbod
På statsbudsjettet for 2009 har Kunnskapsdepartementet sett av ein sum til utgreiing av ei forskingseining innan muskel- og skjelettlidingar.
– Vi meiner at slik forsking må danne grunnlag for eit framtidig utdanningsmiljø innan kiropraktikk, seier Marit Boyesen. Ho er dekan på Det samfunnsvitskaplege fakultet ved UiS, som er ansvarleg for planarbeidet rundt kiropraktorutdanninga.
Det er i dag rundt 420 kiropraktorar i Noreg, nesten alle i privat praksis. Ca. 300 nordmenn studerer no til å bli kiropraktor i utlandet. Kiropraktikk er den einaste autoriserte helseprofesjonen utan ein utdanningsinstitusjon her i landet. UiS og Stavanger universitetssjukehus har i fleire år arbeidt for å etablere ei slik utdanning i Stavanger.

Fyrst i landet
Dei to institusjonane har gjort mykje for å byggje opp eit fagmiljø innan kiropraktikk:

  • Som fyrste institusjon i Noreg lyste UiS i 2008 ut to stipendiatstillingar innan kiropraktikk. Begge er no på plass og skal delta i to store forskingsprosjekt om rygg- og bekkensmerter hos gravide. Prosjekta blir leidde av professor Jan Petter Larsen ved Nasjonalt kompetansesenter for bevegelseshemninger (NKB) ved SUS.
  • I fjor vedtok UiS også at det skal opprettast ein professor II-stilling som skal knytast til doktorgradsarbeidet i kiropraktikk.
  • 1. januar 2009 starta kiropraktor Knut Andersen opp i ei 40-prosentstilling ved SUS, underlagt nevrokirurgisk avdeling. I mars blei det etablert ein tverrfagleg ryggseksjon, som tek hand om alle pasientar som ikkje kan, eller ikkje skal, ryggopererast.


 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (30.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Portrettfoto av dekan Marit Boyesen ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet ved Universitetet i Stavanger.
Dekan Marit Boyesen ved Det samfunnsvitenskapelige fakultetet styrker satsingen mot en kiropraktorutdanning ved Universitetet i Stavanger.
Bilde av Stefan Malmqvist utenfor hovedinngangen til Stavanger universitetssjukehus. Han tar nå doktorgrad i kiropraktikk ved Universitetet i Stavanger.
Kiropraktor Stefan Malmqvist er den første stipendiaten i kiropraktikk ved Universitetet i Stavanger og Stavanger universitetssjukehus.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER