Toppjobb til Klaus Mohn


Klaus Mohn, førsteamanuensis II ved Universitetet i Stavanger, er tilsett i ei nyoppretta stilling som sjeføkonom i StatoilHydro. Han får ansvar for selskapet sine analysar av makroøkonomi, energimarknader og industritrendar.

Som sjeføkonom skal Klaus Mohn leie eininga Makro- og næringsøkonomisk analyse.
Mohn er i dag spesialrådgivar for Undersøking og produksjon Noreg i StatoilHydro. I tillegg har han ei førsteamanuensis II-stilling ved Institutt for økonomi og leiing på UiS.

Fornya styrke
– I arbeidet med å forstå verda rundt verksemda er StatoilHydro avhengig av tett samhandling med eksterne miljø for forskning og utredning. Universitetet i Stavanger viser ei svært positiv utvikling rundt fagmiljøet for økonomi og finans. Difor ser eg fram til å føre samarbeidet vidare med fornya styrke frå den nye posisjonen min, seier Klaus Mohn. Økonomen legg til at han går til oppgåva med ei blanding av entusiasme og ærefrykt.

Doktorgrad fra UiS
Eininga Makro- og næringsøkonomisk analyse blir oppretta med verknad frå 1. mai. Mohn tiltrer same dato og startar umiddelbart arbeidet med å rekruttere tilsette til den nye eininga.
Han er utdanna samfunnsøkonom frå Noreg sin Handelshøyskole (1991) og har ein doktorgrad i petroleumsøkonomi frå Universitetet i Stavanger (2008). Han blei tilsett i Statoil i 1996.

 

 


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (24.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol