Forskingsmeldinga vert presentert på UiS


Regjeringa legg fram ei ny stortingsmelding for forsking i desse dagar. Tekna inviterer til ope møte 24. april kl. 13.30 - 15.00 for studentar og tilsette ved UiS for å diskutere vegen vidare for universitetet i lys av den nasjonale forskingspolitikken vår.

Det vert innlegg ved Teknas president, Marianne Harg, rektor Aslaug Mikkelsen og professor Svein M. Skjæveland. Seminaret finn stad i Kjølv Egelands Hus, auditorium E-164.

UiS har den seinare tida hatt forsking i fokus, og det gir resultat. UiS har dei siste åra hatt ein omfattande auke i publisering av forsking på høgt nivå. Kvar går vegen vidare no? Vil Noreg sitt fremste petroleumsuniversitet også kunne klare å hevde seg i front som energiuniversitet?

Program
13:30 Velkomen ved Eirik Kårstad, UiS og leiar for Teknas etatsgruppe ved UIS
13:40 "Forskingsmelding sedd frå Stavanger", ved rektor Aslaug Mikkelsen
14:00 "Å lønne dei som går føre - forskingsmelding og utfordringar for universiteta", Marianne Harg, president i Tekna
14:15 "Forskingspolitikk og nyskaping i energisektoren", Professor Svein M. Skjæveland,UiS
14:30 Kommentarar og oppsummering - tydinga av forskingsmelding for kunnskapsbasert næringsliv, ved Ingrid DiValerio, medlem av Teknas hovudstyre


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (22.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol