Maneesh Singh disputerar


Maneesh Singh disputerer for ph.d.-graden ved Universitetet i Stavanger torsdag 23. april med avhandlinga Evaluation of the Structural Integrity of Corroding Oil and Gas Pipes.

Det skjer torsdag 23. april kl. 12.15 i Kjølv Egelands hus, auditorium E-164, inngang sør.

Prøveforelesing kl. 10.00. Oppgitt emne for prøveforelesinga:

Risk Based Inspection in Oil and Gas Industry - Concepts and Applications

Om avhandlinga

Korrosjon fører med seg betydeleg svekking  av integriteten til ein struktur og dette fører vidare til at moglegheita for svikt aukar. For å begrensa dette problemet må ein nytta eit effektivt og inspeksjons- og vedlikehaldsprogram basert på opplevd risiko for svikt. I utviklinga av slike vedlikehaldsprogram er det viktig å rekna ut degraderingsrata til korrosjonen og moglegheita for svikt..

I avhandlinga er det lagt fram ein matematisk modell basert på Fuzzy Logic for å beskriva korrosjonsraten og medfølgjande degradering av integriteten til røyrledninga. Den matematiske modellen er nytta i ei studie for å estimera CO2 korrosjonsraten og strukturintegritet. Røyrledninga som er laga av karbonstål, fraktar fleirfasestrøm av olje, gass og vatn.

Samanlikningsstudie

Det er også laga ei samanlikningsstudie mellom probabilistisk, possibilistisk og hybrid metodologi å rekna ut moglegheita for svikt.

Fordelen med å bruka ein Fuzzy Logic basert modell for å estimera korrosjonsraten er at ein gjer det mogleg å bruka ekspertvurderingar når dei målte data ikkje er tilgjengelege. Modellen er bygd opp på ein måte som gjer det lett å tilpassa dei einskilde anlegg.

Dei matematiske modellane som vert lagt fram i avhandlinga kan brukast til å rekna  ut moglegheita for svikt og samstundes ta høgde for usikkerheit, unøyaktigheiter og variasjonar i dei målte inspeksjonsdata. Resultata i avhandlinga viser også at moglegheita for svikt er avhengig av kva for reknemetode som er nytta.

Maneesh Singh er frå India og er PhD in Process Metallurgy, Luleå Tekniske Universitet (2003), Master i Tekn.-Kjemi ing., Banaras Hindu Univ., Varanasi India (1995), og Bachelor i Tekn-Kjemi ing. (1990), frå Indian Inst. of Techn., Kanpur (India).

Han er no Senior Engineer i Det norske Veritas.

Bedømmingskomitéen: 1. Professor Kurt Petersen, Universitetet i Lund, Sverige, 2. Dr. Ole Johan Samdal, StatoilHydro, Bergen. 3. Professor Jayantha P. Liyanage, Universitetet i Stavanger (administrator).

Hovudveileiar: Førsteamanuensis Tore Markeset, Universitetet i Stavanger

Leiar av disputasen: Instituttleiar Ole Andreas Songe-Møller, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi. Det teknisk-naturvitskapelege fakultet, UiS.


Sist oppdatert av (21.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol