Sven Ole Aase i seminar i naturvitenskap


Professor Sven Ole Aase, Universitetet i Stavanger, held foredraget: ”Georg Cantor og kontinuumshypotesen eller Mer enn du noensinne ønsket å vite om tallinjen” i seminar i naturvitskap torsdag 23. april kl. 14.15 i rom A-204, Kjølv Egelands hus, UiS.

Omgrepet om det  endelause var lenge tabu i matematikken. Nokre definisjonar, som til dømes epsilon-delta-grenseomgrepet som er utvikla av Weierstrass, er konstruert slik at ein unngår uendelege størrelsar.

Georg Cantor er rekna som mengdelæras far, og det var han som utvikla teorien om det uendeleg store. Dette kan verke noko livsfjernt, men denne kjennskapen gjev ei djupare forståing av vår kanskje aller mest kjende og kjære matematiske abstraksjon: Tallinja.

Cantor stilte følgjande spørsmål: "Kor mange tal er det (på tallinja) mellom null og ein?" Han viste at dette talet var større enn til dømes talet positive heiltal (1, 2, 3,...etc) som også er uendeleg stort. Cantor fekk mykje kritikk frå sine samtidige for desse ideane, noko som resulterte i talrike samanbrot.

Henning Knutsen og Per A. Amundsen ønskjer alle velkommen til seminaret som skal ha ein kort gjennomgang av livet til Cantor, parallelt med hans mest kjende oppdagingar. Bevisa for desse er overraskande enkle.

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (21.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol