Litteraturstipend for sakprosa og kritikk


Tilsette ved Universitetet i Stavanger er velkomne til å søke på Odd Noregers litteraturstipend.

Stavanger kommune har oppretta Odd Noregers litteraturstipend som skal stimulere utgivingar innanfor sakprosa, essayistikk og kritikk i Stavanger. Stipendet skal hjelpe til å støtte utarbeidinga av eit manuskript til ei bok eller annan publikasjon.
Kvart år blir det delt ut eit stipend på kr 50 000.

Tilknytning til Stavanger
Stipendet deles ut til personar tilknytt Stavanger gjennom virket eller bustaden sin eller til eit prosjekt som har ei klar tilknyting til Stavanger i tema og innhald. For å kome i vurdering til stipendet må søkjaren dokumentere opphavsrett som sakprosaforfattar eller kritikar (i enkelte tilfelle kan det gjerast unnatak frå denne regelen).

Frist 1. mai
Rettleiing og retningslinjer for stipendordninga får du ved å vende deg til saksbehandlar.
Søknadsfrist: 1. mai, 2009
Saksbehandlar: Anders Jaarvik, tlf. 51 50 71 66 eller epost


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (14.04.2009)

Skriv ut artikkel print symbol