Nytt nummer av UniverS


I det siste nummeret av eksternmagasinet UniverS presenterer vi ei rekkje med FoU-samarbeid i tillegg til mykje ny forsking. Du kan blant anna lese om det nye senteret for ny energi, om nye oppfinningar i språkundervisninga, om Parkinsons-forsking og ferske funn innan kalkforskinga, og om Siri som styrer Uis og mykje meir.

Mens verda har auka merksemd på kva rolle religion speler i samfunnet, har forskarar ved Universitetet i Stavanger og sju andre universitet i Europa funne at ungdom generelt ikkje er særleg opptekne av religion. Dei snakkar ikkje særleg om det, står det å lese i ein av artiklane i UniverS.

I tillegg kan ein lese om korleis forskarar ved Universitetet i Stavanger og Stavanger Universitetssjukehus tar i bruk plantar for å forstå meir av Parkinsons-sykdommen.

Noko anna ein ønskjer å forstå nærare, er korleis kalken i oljereservoar oppfører seg. No har forskarar ved UiS kome fram til særskilt nyttig kunnskap for oljeindustrien. Du kan også lese om den dramatiske nedgangen i boreeffektiviteten som har vore gjeldande dei siste åra i næringa. Oljeindustrien har gjeve oss velstand, men no må ein vere vakne for framtidas utfordringar. Difor satsar UiS på eit nytt senter for ny energi. Senteret blir også presentert i UniverS.

Fleire studiar av ein forskar ved UiS fortel om kampen mot dampen: Magasinet har ein artikkel om kva som eigentleg skjedde då røykelova kom. Eit helt anna spørsmål er kvifor kvinner vel å bruke mindre tid på jobben enn sine mannlege kollegaer. Det har professor Knud Knudsen forska på, og han gjev nokre svar i UniverS.

Gå heller ikkje glipp av vårt portrett av Siri Margrethe Kalvig, som har vore styremedlem ved universitetet i snart to år.

Les siste nummer av UniverS.

Meir informasjon:
Tidlegare utgåver av UniverS.

 


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (28.09.2009)

Skriv ut artikkel print symbol