Konferanse om rus


Den årlege StaRus-konferansen har tema "Framtidas rusproblem". Konferansen går føre seg 31. mars og 1. april, og påmeldingsfristen går ut 19. mars.

StaRus er eit samarbeid mellom Universitetet i Stavanger, IRIS, Stavanger universitetssjukehus og Rogaland A-senter. StaRus har ein årleg konferanse kor særskilte emne blir diskutert.
I år kjem Philip Lalander, professor i sosialpsykologi på Växjø Universitet, for å halda føredrag om "Det menneskelege misbruket og utanforskapet". Dagen etter blir det ein såkalla "Open Space"-konferanse kor deltakarane kan diskutera problemstillingar dei tek med seg sjølve.

Konferansen gjeng føre seg på Sola Strandhotel. Meld deg på her.

Programmet kan du lesa her (pdf, 19Kb)


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (16.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol