Stor interesse for HUSK-konferanse


Heile 150 personar er påmeld til brukarkonferansen for HUSK-prosjektet onsdag. Der blir det presentert funn som kan føra til forbetringar i helse- og sosialtenesta.

Prosjektet ”Sammen om brukerkunnskap” er eit samarbeid mellom Mental helse Sandnes, Sandnes Distriktspsykiatriske senter, Sandnes kommune og Universitetet i Stavanger. Menneske som sjølve har erfaring med psykiske problem og / eller rusmiddelproblem har vore sterkt involvert i undersøkinga.

Stort behov
Forskinga er ein del av HUSK-prosjektet – eit samarbeid mellom UiS, sosialtenesta, kommunesektoren og brukarane sjølve. Personar som har erfart psykiske problem og / eller rusmiddelproblem vore med på å forska på andre sine erfaringar med hjelpetenestene.
– Når det gjeld rusproblematikk, viser undersøkinga mellom anna at brukarane har eit stort behov for å bli sett. Dei som har erfaring med psykiske problem ynskjer og å få medarbeidarar med brukarrøynsle inn i dei psykiatriske institusjonane, seier fyrsteamanuensis Hildegunn Sagvaag ved Institutt for helsefag på UiS.

Mindreverdige
Når det gjeld personar med rusmiddelproblem, viser undersøkinga at ein del av dei føler seg handsama som mindreverdige av enkelte tilsette i omsorgstenesta. Det gjeld særskilt når behandlarane har dårleg tid.
Sluttkonferansen går føre seg på Fredheim arena i Sandnes frå klokka 10 til 15.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av Hildegunn Sagvaag
Hildegunn Sagvaag ved Institutt for helsefag er ein av representantane til UiS i HUSK-prosjektet. Dei presenterar sine resultat på ein konferanse onsdag.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER