Fredsprisvinnar gjesta UiS


Årets vinnar av Studentanes fredspris gjesta bokkafeen på UiS måndag. Elkouria ”Rabab” Amidane (23) refsa mellom anna Noreg for å handle med det okkuperte Vest-Sahara.

Det blei et sterkt møte med den unge afrikanske kvinna mandag ettermiddag. Ho fortalde om diskriminering, fengsling, mishandling, valdtekt og tortur mot dei som vil ha Marokko ut av Vest-Sahara. 23-åringen har sjølv blitt utsett for tortur. Hennar familie har opplevd det same fordi Rabab er ein aktivist. Spesielt sterkt var det når ho viste bilete av ei rekke ofre for mishandlinga.

Skilde i 33 år
Vest-Sahara har vore FN-sak sidan spanjolane trakk seg ut i 1975. Då rykka Marokko inn i staden. Marokko hevdar at dei har rett på landområdet, og har bygd ein mur som delar landet i to.
– Det finst familiar som har vore skilde frå kvarandre i 33 år, sa fredsprisvinnaren.
Rabab meiner at sahrawi-folket i Vest-Sahara blir svikta av EU, fordi Marokko er ein viktig handelspartnar. Ho kritiserte og Noreg for å utnytta situasjonen.
– Fleire norske selskap har aktivitet i dei okkuperte områda. Vi er i mot desse aktivitetane og vil at dei skal stoppe, sa Rabat.

Solidaritet
Den modige 23-åringen fekk lovord frå rektor Aslaug Mikkelsen, som sto for innleiinga til møtet.
– Som student og aktivist for menneskerettane har ho kjempa for fridom for Vest-Sahara og arbeida for å avdekka Marokkos brot på menneskerettane til sahrawi-folket, sa Mikkelsen. Ho viste til at studentar ofte har vore viktige når det gjeld å starta viktige endringar i samfunnet og oppfordra norske studentar til å visa solidaritet med Rabab og hennar meiningsfeller.

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol