Ugå 09 er i gang


I dag starta den første av 11 dagar med studentfestival i Stavanger. Konsertar, film, humor, vin og fest står på menyen.

Startskotet gjekk klokka 12 i dag, med flammeshow på Arne Rettedals plass. I kveld blir det arrangert pubrunde i Stavanger sentrum, før The September When og Katzenjammer drar i gong den musikalske delen av Ugå 09.

Musikk blir det forresten mykje av når unge menneske feirar studentlivet og seg sjølve. Fredag stiller Karpe Diem i Folken. Seinere blir det konsertar med mellom andre Bjørn Eidsvåg, Harrys Gym, Black Debbath og Opeth.

Elles vert det filmklubb, standup-komikk med mellom andre Zahid Ali, fotballquiz med Viking-profilene Thomas Myhre og Egil Østenstad, moteshow, møte med næringslivet, bokbad og humor-showet ”Hvorfor det?” med Trond Viggo Torgersen. Dei som ynskjer å læra noko nytt, sjølv når dei ikkje studerar, kan ta gratiskurs i hip hop-dans eller vinsmaking. Ugå 09 inviterar og til maskeradeball.

For å sjå heile programmet, klikk her


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol