Foss gjesta karrieredag ved UiS


Studentar ved Norsk hotellhøgskole fekk ikkje berre møta ei rekke interessante reiselivsføretak på karrieredagen. Dei fekk og råd med på vegen frå tidlegare finansminister Per-Kristian Foss.

Instituttleiar Bjarte Ravndal innleia med å be studentane om å sjå framover.
– Til tross for turbulente tider akkurat no, meiner vi at framtida er relativt lys. Og dei beste vil alltid klara seg. Dei som bruker litt ekstra tid, ikkje berre på lesing, men og arrangement som dette. Bachelor-studentar som går her bør tenka på karrieren sin om to, tre og fire år, og ikkje berre det neste halvåret, sa Ravndal.

Erfaring
Det var stortingspolitikar Per-Kristian Foss einig i. I desse finanskrisetider er ein faktisk nøydd til å tenke langsiktig, påpeika han.
– Når dykk søkar på jobb, vil dykk få det merkelege spørsmålet: Kva har du gjort? Du vil svara at du har studert og lært ein masse, men næringslivsleiarar er litt rare sånn. Dei forventar at du skal ha erfaring i tillegg. Hugs på det. Kan du fortelje om praksis eller andre erfaringar du har gjort, er det eit pluss, sa Foss.
Høgremannen snakka mykje om både årsaker og verknader til finanskrisa. Den har mellom anna ført til lågare belegg på norske hotell. Det bør næringa tåle på kort sikt, meinte Foss.

Nyttig krise
– Den hotell- og reiselivsverksemda som ikkje tåler nokre års nedgang, er ikkje liv laga. Krisa er nyttig, i den forstand at dykk forstår at noko liknande kan skje igjen, sa den røynde stortingspolitikaren.
Han trur det er ein stor marknad for norsk reiseliv, både i eige land og på den internasjonale marknaden. Foss meiner utfordringa er å tilby unike opplevingar til ein kresen kundegruppe. Utlendingar som kjem til Noreg på ferie har reist mykje tidlegare og stiller store krav til mat og drikke. Vår eiga befolkning vert stadig eldre og krevjar opplevingar som ikkje minnar dei om seminarhelgene dei har vore på.

Tenke heilskap
– I framtida trur eg det vert viktig å tenke nytt og sjå heilskapen i det produktet ein tilbyr, sa Foss.
Etter hans innleiing fekk ei rekkje hotell- og reiselivsføretak presentera seg. Dei ulike føretaka hadde og satt opp kvar si stand, slik at studentar fekk moglegheit til å knytte kontakt med representantane direkte.
Karrieredagen ved NHS er eit årvisst arrangement.

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.03.2009)

Skriv ut artikkel print symbol