Vant iPod for nett-testing


Det nye nettstudiet i sjukepleiarfaget som Universitetet i Stavanger tilbyr til hausten, er enkelt og oversikteleg å forstå. Det fortel dei 11 sjukepleiarane som nyleg var med og testa det nye studiet. Ein av dei vant ein iPod.

– Eg var imponert over dette nettstudiet. Eg er vant til å lese pensum frå bøker, og synes it´s learning er fascinerande, men dette var noko endå større og meir imponerande. Eg likar godt at eg kan lese og øve meg på faget med det same, seier sjukepleiarstudent Alexandra Maria Rüger.

Ho kommenterer den nye interaktive bachelorgraden i sjukepleiarfaget på nett som skal nyttast frå hausten.

11 sjukepleiarstudentar i alderen 20-41 deltok på uttestinga av den nye e-læringsmodellen som har en unik kombinasjon av tekst, video, animasjon, lydfiler og interaktive oppgåver. Studentane som testa det nye tilbodet, er enten aktive eller veldig aktive pc-brukarar.

Leste på skjermen
– Ingen av studentane hadde problem med å laste ned pdf-en, som er det formatet nettstudiet er bygd opp rundt. Og det interessante for oss var at dei fleste studentane valde å lese gjennom innhaldet på skjermen. Kun to av dei elleve valde å skrive ut pdf-en, fortel Karsten Tillerli, prosjektleder i NettOp ved Universitetet i Stavanger.

Han meiner at det tyder på at lesbarheita på nettet er veldig god.

– Studentane kan skalere teksten og få den så stor eller så liten som dei vil ha den. Dei kan også markere i teksten, og gjere den til sin, fortel Tillerli. Han har stor tru på det nye e-læringsmediet.

Kommentarane frå studentane var at det faglege innhaldet i studiet var veldig bra, og at det var enkelt og oversikteleg å finne fram i pensum. Uttestinga gav og nytting tilbakemelding om at det var ein god og behageleg stemme som las opp for dei, om dei ønska det. Fleire i testpanelet gav uttrykk for at dei gjerne ville ha hatt tilgang til dette interaktive nettstudiet i si eiga utdanning.

Studie med ulike level?
Tillerli legg til at dette ikkje er ei signifikant undersøking, men kun ein nyttig tilbakemelding. 

– Dette gjev oss ein peikepinn på at det vi har laga held mål og er bra.
 
Uttestinga gav teamet på NettOp som har utvikla studiet saman med fagpersonar, nokre gode tips til vidare utvikling. Nokre av studentane ønska seg studiespørsmål knytt til kvart enkelt tema. I tillegg var det nokre som gav uttrykk for at dei forskjellige interaktive øvingane kunne ha hatt forskjellige level. Noko av dette skal Tillerli og kollegaene forsøke å innarbeide.

Som takk for uttestinga vant tredjeårsstudent Alexandra Maria Rüger trekninga om ein iPod touch.

Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (26.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Alexandra Maria Ruger.
LYKKELEG iPOD-VINNAR: Alexandra Maria Ruger har sjølv mange gongar tenkt at å skulle lese inn pensum på ein diktafon. Med det nye nettstudiet i sjukepleie treng ho ikkje å gjere det sjølv. Ho kan lasta ei behageleg stemme ned på iPoden sin og høyre teoripensum på bussen.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER