Viktig verv til Frank Asche


Professor Frank Asche er tatt opp som medlem i Forskingsrådet sitt programstyre for havbruk.

"Havbruk - ei næring i vekst" er eit av Forskingsrådets sju store program, med nær 100 millionar kroner i årleg budsjett. Styret skal fordela pengar til gode forskingsprosjekt innan havbruk. Målet er å utvikla kunnskap på høgt internasjonalt nivå for å bidra til ei lønsam og verdiskapande havbruksnæring, basert på bærekraftig og marknadsretta produksjon i alle ledd.

UiS-professoren skal sitta i styret dei neste fire åra, saman med andre prominente fagpersonar frå inn- og utland.

Frank Asche er utdanna økonom og har i mange år forska på havbruksnæringa. Til dagleg er han professor ved Institutt for industriell økonomi, risikostyring og planlegging ved Universitetet i Stavanger.




Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (10.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol