Vinn skrivestipend


Fagbokforlaget lyser no ut Fagbokprisen 2009, eit skrivestipend på 100 000 kroner. Det går fram av ei pressemelding frå forlaget.

Stipendet skal brukast til å skrive ein fagbok på norsk på høgskole- eller universitetsnivå. Søknaden må innehalde forfattaromtale, målgruppe og framdriftsplan, disposisjon og prøvekapittel. Innsende prosjekt vil bli vurdert med vekt på pedagogisk utforming og fagleg dugleik.
Søknadsfrist for Fagbokprisen 2009 er 15. april og forlaget avslører vinnaren i juni.
Det er tolvte året på rad Fagbokforlaget deler ut Fagbokprisen. Formålet med prisen er å stimulere produksjonen av norsk faglitteratur.
Eventuelle spørsmål kan rettast til redaksjonssjef Trond Soldal på telefon 55 38 88 32 eller e-post rond.soldal@fagbokforlaget.no.




Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol