UiS får millionar til offshore vindkraft


Jubelen braut laus ved Universitetet i Stavanger i ettermiddag. Ei vindkraftsatsing som UiS er med på, får status som Forskingssenter for miljøvennleg energi (FME).

Senteret, som har fått navnet Norwegian Centre for Offshore Wind Energy (NORCOWE), skal forska på teknologiske løysingar for vindmølledrift offshore. Planane omfattar ei satsing på totalt 320 millionar kroner over åtte år, men det er uvisst kor stort beløp som kjem frå staten. I beste fall får UiS over 20 millionar kroner i åtteårsperioden.
Ei lang rekke samarbeidspartnarar står bak NORCOWE. Senteret er leda av Christian Michelsen Research i Bergen, mens Unifob og universiteta i Bergen, Agder, Stavanger og Aalborg er partnarar. Fleire industriføretak er og med på prosjektet, blant dei StatoilHydro og Lyse.

Anerkjenning
– Dette er eit resultat av det tverrinstitusjonelle samarbeidet i Sørvest og ei anerkjenning av fagmiljøa som desse institusjonane representerer. Dette er ikkje første gong at næringslivet og institusjonane har løyst viktige problem i lag, seier ein strålande nøgd rektor ved UiS, Aslaug Mikkelsen.
Den gledelege meldinga vart offentliggjort av olje- og energiminister Terje Riis-Johansen på konferansen Energiuka 2009 i ettermiddag. Statsråden har stor tru på slike satsingar.
– Eg trur energi frå havvindmøller kan bli ei svær energikjelde i framtida. Dette har så stort potensial at det ville vera ei unnlating å ikkje investera i det, sa Riis-Johansen på ei direkteoverført sending.

Langsiktig satsing
Professor Ivar Langen ved Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi er ansvarleg for prosjektet ved UiS. Langen var blant dei som spent følgde konferansen via nett-tv og feira sigeren med kake etterpå.
– Eg synest det er gledeleg at me får pengar til å drive langsiktig satsing på vindmølleenergi offshore. Eg ser spesielt stor verdi i det samarbeidet me har etablert med Aalborg Universitet, som har lang erfaring med vindmølleteknologi. Eg trur det var avgjørande for at me fekk gjennomslag i Forskingsrådet, seier professor Langen nøgd.
Han er leiar for den delen av prosjektet som handlar om utplassering, drift og vedlikehald av dei planlagde vindmøllene til havs. Her kan UiS og dei andre partnerane bruka erfaringa frå oljeutvinning til å hjelpa fram ein ny og meir berekraftig energikjelde.

Tora Aasland er nøgd
For Universitetet i Stavanger vil prosjektet konkret medføra at fem stipendiatar, ein postdoc og to professor II vert knytt til senteret. Fleire UiS-forskarar vil venteleg bli kopla inn, og Ivar Langen trur og på ringverknader i form av fleire andre prosjekt.
Statsråd for forsking, Tora Aasland, kom nyleg med godt nytt til UiS. I regjeringas krisepakke låg det ni nye stipendiatar, 45 millionar kroner til vedlikehald av bygningar og fem millionar kroner til forsking på vindmølleteknologi ved IRIS. Aasland er glad for at vår del av landet får gjennomslag igjen.

Viktig kyststripe
– Eg er veldig glad for at den delen som gjelder vindkraft blei tildelt konstellasjonen i Sørvest. Det er viktig at me klarar å byggje opp miljø fleire stader i landet. I forbindelse med krisepakka understreka eg at universiteta i Agder og Stavanger har ei viktig nærleik til industrien. Dette elementet har nok slått inn ved denne tildelinga og. Dei to universiteta arbeider godt saman og når ein i tillegg har ein link til Bergen, er heile den viktige kyststripa med. Her finst mykje verdifull offshore-erfaring. Vindkraft er ei viktig og framtidsretta satsing, så dette må vera ein ”vind-vind-situasjon”, seier ei lattermild Tora Aasland.
Her er den fullstendige lista over partnerane i NORCOWE: Christian Michelsen Research (prosjektansvarleg), Unifob, Universitetet i Bergen, Universitetet i Agder, Universitetet i Stavanger, Aalborg Universitet, Agder Energi, NorWind, Grieg Logistics, Aker Solutions, National Oilwell Varco, Origo Engineering, StatoilHydro, Lyse, BKK, DnV og SWAY.

Les om tildelinga frå Forskingsrådet her

Lenke til nyhetssak frå Universitetet i Agder



Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (05.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Illustrasjon av offshore vindmøller
UiS blir ein del av eit senter som skal forska på vindmøller til havs.
Bilete av professor Ivar Langen, direktør Per Ramvi og rektor Aslaug Mikkelsen, som feirer med kake
Professor Ivar Langen, direktør Per Ramvi og rektor Aslaug Mikkelsen kunne feira sigeren med kake
Portrett av statsråd for forsking, Tora Aasland
Statsråd for forsking, Tora Aasland, er nøgd med at kyststripa Bergen-Stavanger-Kristiansand får byggja vidare på sine forskingsmiljø.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER