Eirik Kårstad om mekanikk i brønnteknologi


Førsteamanuensis Eirik Kårstad, Universitetet i Stavanger, held foredraget Mekanikk i brønnteknologi i seminar i naturvitenskap torsdag 5. februar kl. 14.15.

Møtet finn stad i rom A-204, Kjølv Egelands hus, UiS.

Mekanikk og boring

Dei siste 10 åra har det skjedd ei stor utvikling innan boreteknologi. Moderne teknologi gjer at ein kan bora kompliserte brønnbanar, og det vert bora brønnar som er inntil 12 km lange. Teknologien gjer også at ein kan få enormt mykje meir data tilbake frå brønnen medan boringa pågår enn det ein gjorde for berre få år sidan.

Til tross for alt dette bruker ein like lang tid (ofte lenger tid) å bore brønnar i dag som det

ein gjorde for 10-20 år sidan. Å grunngje dette med at brønnane er så mykje meir kompliserte er fint om me skal vise oss fram, men det er ikkje ei forklaring me kan bruke for å bli enno betre til å bore brønnar.

Skal eg våge meg til å trekkje fram èin ting å fokusere på for å føre boreteknologien vidare så er valet enkelt: MEKANIKK. I ein kort presentasjon vil eg trekkje fram nokre av dei viktigaste problemstilingane me står over for, samt å persentere noko av det forskingsarbeidet som vert gjort innan boring, der mekanikk står heilt sentralt.

 Per A. Amundsen

Henning Knutsen


Sist oppdatert av Egil Rugland (03.02.2009)

Skriv ut artikkel print symbol