For dårleg rapportering til Forskdok


Førebelse tal for 2008 viser ei dårleg rapportering av vitskaplege publikasjonar. Rektor Aslaug Mikkelsen roper no eit varsku og ber alle vitskaplege tilsette sjekka om dei har noko å melda inn.

Kvart år skal alle forskingspublikasjonar, bokutgjevingar og formidlingsaktivitetar registrerast i Forskdok-basen. Berre to dagar før den interne fristen ved Universitetet i Stavanger går ut, ligg vi langt bak tala frå i fjor.
Ettersom mengda rapportert forsking dannar grunnlag for både inntekter og omdømme, tek rektor denne situasjonen særs alvorleg. Ho har utsett rapporteringsfristen til fredag 6. februar og ber no leiinga ved institutt og sentre om å gå frå dør til dør for å sjekke om det finst uregistrerte arbeid.

Kan få hjelp
– Eg kryssar fingrane for at folk har vore travle og difor ikkje har rukke å rapportera inn sine arbeid. Eg forstår at denne innmeldinga kjennes som eit heft, men det er ein del av røyndommen vår. Viss nokon har problem, kan dei få hjelp, seier Mikkelsen.
Suvada Veledar i Strategi- og kommunikasjonsavdelinga administrerer forskingsdokumentasjonen ved UiS.
– Det er berre å ta kontakt med meg viss nokon treng rettleiing, seier Veledar.







Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (28.01.2009)

Skriv ut artikkel print symbol