Festivalkonferanse skal inspirere til eit nytt festivalår


Om lag 100 deltakarar kjem for å diskutere tema knytt til festivalleiing når Universitetet i Stavanger for tredje år på rad held Festivalleiarkonferansen. Målet er å utvikle og betre festivalane i regionen.

Talet på festivalar har stege sterkt sidan år 2000 og i år blir omlag 80 festivalar avvikla i Rogaland. Det er eit høgt tal på
landsbasis og bakgrunnen for denne konferansen som går føre seg i konferanserom 129 i Kjell Arholms hus onsdag 14. januar.

Eg trur vi er i ferd med å nå mettingspunktet når det gjeld talet på festivalar i regionen. Vi må derfor arbeide for å bli endå dyktigare. Viss vi ikkje held kvaliteten oppe, vil vi miste fleire festivalar. Nokre festivalar har allereie i dag problem med å trekke folk, seier professor Reidar Mykletun ved Norsk Hotellhøgskole på Universitetet i Stavanger.

Mykletun har drive festivalforsking og undervist i fagfeltet i fire år. Hans fagområde er organisasjonspsykologi, og som forskar ser han spesielt på leiing og organisering av festivalane og på korleis festivalane bidreg til regional utvikling og reiseliv.

Professoren arbeider saman med daglig leiar Tor Øyvind Skeiseid i Finnøy-bedrifta Ryfylke Livsgnist om konferansen som er retta spesielt mot festivalar i Rogaland.

Auka popularitet
Alle som arbeider med festival- og eventarrangement i Rogaland, er inviterte saman med folk i kommunane og fylkeskommunen. Meininga med festivalkonferansen er å diskutere viktige og aktuelle spørsmål kring organisering og leiing av festivalar.

Konferansen skal gje inspirasjon og motivasjon til eit nytt festivalår. Vi skal diskutere heilt konkrete problemstillingar som vi er opptekne av. I tillegg er denne konferansen ein viktig møtestad for nettverksbygging og utvikling av ein felles kunnskapsplattform, fortel Mykletun som kan vise til ein konferanse med auka popularitet.

Det fyrste året var det 25 deltakarar, i fjor 35, mens dei i år har heile 95 påmelde.

VM i saueklypping
Fleire tema er satt på dagsordenen, blant anna kommunen si rolle knytt til festivalarrangement, sikkerheit og beredskap, det å skaffe midlar frå sponsorar og merkevarebygging, samt teknisk styring og prosjektleiing.

Konferansen skal sjå nærmare på den største festivalhendinga i året som gjekk, nemleg VM i saueklypping. Deltakarane vil få vite noko om korleis dei lykkas og kva det betydde for lokalmiljøet og for Bjerkheims- og Egersundsregionen.

Vi trekk denne festivalen fram som eit eksempel på ein suksess. Det er alltid kjekt å presentere suksessar. Vi treng det for å ha noe å strekke oss etter, seier Mykletun.

Festivalforsking
Universitetet i Stavangar har i fleire år drive med forsking og utvikling på dette feltet, med professor Reidar Mykletun i spissen. 

For å lukkast med forskinga vår er vi avhengig av å få til eit godt nettverk med dei som driv festivalane i regionen. Derfor har vi laga denne årlege konferansen.

På konferansen vil Rogaland festivalforum bli etablert. Gjennom dette forumet ønsker forskarane og festivalentusiastane å byggje ein møteplass og ein plattform for utveksling av kunnskap og erfaringar. Forumet er allereie ein del av eit nordisk nettverket som nettopp har fått tildelt nordiske forskningsmidlar for å utvikle kunnskap på dette feltet, noko vi skal få høyre meir om på konferansen.

Sjå programmet i sin heilskap her.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (14.01.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde frå tomatfestivalen.
Tomatfestivalen i Finnøy har eit fokus på tomat. Meininga er at festivalen skal løfte fram verdiskapinga i Finnøy kommune, samt synleggjere kommunen og det beste frå Ryfylke.
Reidar Mykletun.
Professor Reidar Mykletun er primus motor for festivalforskinga ved Universitetet i Stavanger. Han deltek i eit større forskarnettverk i Norden og Europa og arrangerer festivalkonferansen for tredje år på rad.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER