Petromaks-prosjekt til IRIS og UiS


International Research Institute of Stavanger (IRIS) har fått støtte til tre forskingsprosjekt frå Petromaks. Universitetet i Stavanger er involvert i alle.

Dei tre oljerelaterte studiane har budsjett på nær 40 millionar kroner til saman.

To av prosjekta går ut på å vidareutvikla den kjente metoden med å injisera vatn i sandsteinsreservoar for å få ut meir olje. Det eine dreier seg om å eksperimentera med vatn som har lågt saltinnhald. I forslaget frå IRIS er det lagt opp til eit budsjett på 18 millionar kroner, kor halvparten skal kome frå industrien. Det andre prosjektet går ut på å prøva ut nye kjemikalietilsetjingar i vatnet som blir injisert i reservoaret. Her har IRIS søkt om 15,7 millionar. Ein tredel av dette skal ein prøva å hente inn frå næringslivet.

I begge prosjekta er UiS involvert ved at doktorgradsstudentar tek del i forskinga.

Det tredje prosjektet skal søke å betre informasjonssikkerheita i fjernstyrte offshore-operasjonar. Stadig fleire felt blir styrt frå land, og dette fører med seg ein risiko for at utanforståande kan bryta seg inn på datasystemet og ta kontroll over installasjonane til havs. Prosjektet, som har tittelen ”Information Security in Integrated Operations for Oil and Gas”, skal kartleggja riskene og diskutera tiltak mot desse. UiS-professor Chunming Rong er med på prosjektet. Petromaks har løyva tre millionar kroner til dette programmet. Like mykje skal hentas inn frå oljeindustrien.

Petromaks er eit stort program i Noregs forskingsråd. Dei gjer tilskot til forskingsprosjekt som kan gjera sitt til at petroleumsressursane skaper auka verdi til samfunnet.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (07.01.2009)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilete av logoen til IRIS
IRIS har fått godkjenning for støtte til tre oljerelaterte forskingsprosjekt.
Bilete av professor Chunming Rong ved Ullandhaugtårnet.
Chunming Rong, professor ved institutt for data- og elektroteknikk, er blant initiativtakarane til eit av prosjekta som nå har fått støtte frå Petromaks.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER