Arkeologisk museum del av UiS


Då champagnekorkane spratt ved nyttår, starta ei ny æra for Arkeologisk museum. No er museet ein del av Universitetet i Stavanger – med splitter nye nettsider.

Arkeologisk museum i Stavanger har i mange år hatt ein samarbeidsavtale med Universitetet i Stavanger, og leiinga ved begge institusjonane ser difor mange moglegheiter ved ei samanslåing. Den vil styrke forskinga for begge parter og for regionen, ved at forskingsmiljøet blir større og meir slagkraftig, med moglegheiter for utvikling av tverrfaglege forskingstema.

Arkeologisk museum er ein sentral formidlingsinstitusjon i regionen og har eit stort nasjonalt og internasjonalt nettverk. Denne kompetansen ynskjer museet å sette inn i arbeidet med å vere ein formidlingsaktør for heile universitetet. Med dette får UiS eit stort og veldrive museum som del av institusjonen. Dette vil gjere dei humanistiske og samfunnsvitskaplege fagområda rikare og kan vere nyttig også for andre miljø på UiS.

Besøk dei nye nettsidene til Arkeologisk Museum her

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (29.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol