Stormen


Arkeologisk museum blir ein del av Universitetet i Stavanger 1. januar 2009. Alle tilsette ved UiS blir inviterte til feiring av denne gledelege hendinga tysdag 27. januar. Påmeldingsfristen er no utgått. Mange har meldt seg på og alle påmeldte har fått plass. Dei påmeldte vert kontakta på e-post.

Programmet startar klokka 17.30. Då blir det samankomst med god mat og drikke på Arkeologisk Museum i Peder Klows gt. 30 A. Etterpå går vi ned bakken til Rogaland Teater og ser ”Stormen" av William Shakespeare. Framsyninga startar klokka 19.30.
Teateret har 375 plassar, så her gjeld ”fyrstemann til mølla”-prinsippet. Bindande påmelding innan måndag 19. januar

Siste Shakespeare
Litt om teaterstykket: Stormen var Shakespeares siste fullstendige skodespel, og på mange måtar er det ei oppsummering av heile karrieren hans. Her møter du eit Romeo og Julie-par, fleire hofflege intriganter og ein hovudperson som, i stykket sin klimaks, gir avkall på dei magiske evnene sine og returnerer til eit vanleg liv i Napoli - akkurat som den eldre Shakespeare gav opp forfattargjerninga si og trekte seg tilbake til Stratford-upon-Avon.




Sist oppdatert av (20.01.2009)

Skriv ut artikkel print symbol