Jubel for kronikkurs


Tre grupper av fagleg tilsette har gjennomført kurs i kronikkskriving i haust. Kurset blei særs godt mottatt av dei i alt 16 deltakarane.

Kvar einaste av dei som deltok på ei questback-undersøking i ettertid, svara at dei er nøgde eller svært nøgde med utbyttet av kurset. Den innleidde kurshaldaren, Dag Kullerud, fekk toppscore på sin kompetanse av alle på nær ein. Det faglege innhaldet av kurset fekk også beste skussmål av over halvparten, medan dei fleste andre svara at dei var nøgde. Berre ein ga middels karakter.
– Veldig flott kurs. Det burde ha vore obligatorisk for alle vitskapleg tilsette, meinte ein av respondentane.

Tydeleg bodskap
Alle deltakarane måtte skrive ein kronikk som dei sende inn på førehand. Desse blei kommentert og omarbeida i løpet av kurset. Ifylgje kursdeltakarane var Kullerud flink til å hjelpe skribentane med å få bodskapen sin fram så tydeleg som mogleg.
Det var Strategi- og kommunikasjonsavdelinga (SKA) som arrangerte kursa, og alle vitskapleg tilsette fekk tilbod om å vere med. Målet er å få forskarar ved UiS meir ut i media, men kurset gjev også utbytte i forhold til skriving av artiklar generelt.
I undersøkinga blei deltakarane også spurd om dei kjem til å sende inn kronikk til ei avis i løpet av dei neste to månadene. Over halvparten av dei som svara hadde enten planer om det, eller dei hadde allereie sendt inn kronikken dei arbeidde med på kurset. Fleire sa at dei ventar på rett høve. Berre to av dei 13 som svarte, har ingen planer om å forsøke å bli publisert akkurat no.

Fleire kurs
Undersøkinga viser også at over halvparten ynskjer oppfølging frå SKA etter kurset. Mange vil gjerne ha artiklane sine lest gjennom av ein kommunikasjonsrådgjevar før dei sender han til media. Andre vil ha medietrening eller ynskjer fleire språkkurs. Både kan bli aktuelt, ifylgje Strategi- og kommunikasjonsavdelinga.
– Vi er veldig nøgde med kursa og responsen på dei. Vi satsar på å arrangere kurs i både kronikkskriving og medietrening i 2009, seier strategi- og kommunikasjonsdirektør Anne Selnes.

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (23.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol