Treningstilbod på nyåret


Har du vondt i nakke, rygg, olboge eller skulder? Har du lyst å koma i gong med fysisk aktivitet, men veit ikkje helt korleis? Då har UiS eit tilbod til deg.

Mosjon og eigenaktivitet er ein viktig faktor i forhold til helse og helseplager. UiS tilbyr derfor treningskurs for tilsette med belastningssmerter, som ein del av HMS-arbeidet.
Kurset startar tysdag 13. januar (veke 3) og går over totalt 10 veker (til og med veke 12). Det vil i denne perioden vere to veker med eigentrening (veke 9 og 10).

Låg terskel
Kurset går tysdagar og torsdagar frå kl.14.45 - 15.45 i gymsalen på Hagbard Line-huset. Du må kunna delta alle vekene for å få effekt av kurset.
Fysioterapeut Hanne T Mærli frå Hjelp24 (bedriftshelsetenesta) er instruktør. Programmet består av lågterskeltrening med lett oppvarming/kondisjon i ca. 20-25 minutt, og deretter like lenge med øvingar for kjernemuskulaturen. Til slutt blir det uttøying og avspenning. Alle øvingar er til musikk. 

Meir om kurset:
·         Deltaking på kurset skal avtalast med nærmaste leiar, slik at du har høve til å trene i arbeidstida.
·         Fysioterapeuten vil i løpet av perioden foreta arbeidsplassvurdering ved kontoret ditt for å gi råd om god tilrettelegging.
·         Om du er sjukemeld (helt/delvis), er det fint om du legg legeerklæring ved søknaden.
·         Ta utskrift og fyll ut søknadsskjema (sjå lenke). Send dette i lukka konvolutt merka ”Trening vinteren 09” til Gry Åse Tjørhom, Personalavdelinga, innan 6. januar.
·         Nye deltakarar blir prioriterte.

Last ned søknadsskjema her


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (18.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol