Stor undersøking for stipendiatar


Er du doktorgradsstipendiat? I så fall er du invitert til å delta i tidenes største europeiske undersøking om arbeidstilhøva for denne gruppa.

Heile 100 000 stipendiatar i 30 europeiske land er omfatta av den nettbaserte undersøkinga. Initiativet kjem frå EURODOC - The European Council of Doctorate Candidates and Junior Researchers. Dei ønskjer å kartleggja situasjonen rundt tilsettingstilhøve, sosiale godar og arbeidstilhøve for doktorgradskandidatane i dei ulike landa, med tanke på å betre situasjonen for denne gruppa.
Sentrale spørsmål er: Kva forskjellar fins? Kva kan vi lære av desse forskjellane?

Ein halv time
Alt du treng å gjere for å vere med, er å gå inn på Eurodocs nettside (sjå link nedst) og få eit passord. Undersøkinga tek om lag ein halv time å svara på.
Undersøkinga er den fyrste i sitt slag. Den blei lansert 9. desember og vil vere aktiv til 30. april 2009. Stipendiatforeininga har ansvaret for å gjere prosjektet kjend i Noreg.

Interessert? Svar på undersøkinga her

Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (12.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Logoen til Eurodoc
Eurodoc er den europeiske organisasjonen for doktorgradsstipendiatar. Dei set no i gang ei svær undersøking om tilhøva for stipendiatar i ulike land i Europa.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER