4 millionar til UiS i revidert nasjonalbudsjett


I regjeringas reviderte nasjonalbudsjett, som nyleg blei gjort offentleg, er det foreslått 4 millionar kroner til UiS.

Pengane er øyremerka vitskapleg utstyr. 

– Vi er veldig glad for å få støtte til vitskapleg utstyr. Vi har eit stort behov på den fronten, seier Marit Boyesen, rektor ved Universitetet i Stavanger. 

Også Universitetssenteret på Svalbard (UNIS) fekk pengar til vitskapleg utstyr. 

Regjeringa foreslår vidare i revidert nasjonalbudsjett å løyve 17,5 millionar til etablering av Nasjonalt kompetansesenter for vann- og avløpsinfrastruktur. Mottakar er Campus Ås ved Noregs miljø- og biovitskaplege universitet og deira tverrfaglege fagmiljø innan miljø- og biovitenskap.

Regjeringa vil også styrke kompetansen i kryptologi og foreslår 15 millionar kroner for å styrke forskinga og utdanninga på IKT-sikkerheit og kryptologi. Det er hovudsakleg fagmiljøa ved NTNU og UiB som vil nyte godt av denne satsinga. 

I tillegg vil regjeringa bruke 10 millionar kroner på tiltak som kan auke rekrutteringa i grunnskulelærarutdanninga (1–7). 

Les meir på Kunnskapsdepartementet sine nettsider.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (18.05.2018)

Skriv ut artikkel print symbol