Barnehagekonferansen 2018


Barnehagekonferansen 2018 foregår på UiS den 2. mai. Tema er Rammeplanen – Frå ide til praksis. På konferansen vil det vere fokus på pedagogen si rolle i implementering av ny rammeplan og gode verktøy for å skape høg kvalitet i barnehagen.

Barnehagekonferansen 2018 vert arrangert ved UiS onsdag 2. mai.Tema for konferansen er Rammeplanen – Frå ide til praksis. På konferansen vil det vere fokus på pedagogen si rolle i implementering av ny rammeplan og gode verktøy for å skape høg kvalitet i barnehagen.

Valg av tema for konferansen

Ny rammeplan for innhald og oppgåver i barnehagen vart lansert 24. april 2017 og trådde i kraft 1. august same år.  Den nye rammeplanen legg opp til eit likeverdig og mangfaldig barnehagetilbod med høg kvalitet.

Barnehagesektoren i Rogaland synte stort engasjement og deltaking på høyringskonferansen som vart arrangert. Fylkesmannen har saman med kommunane laga ein implementeringsplan, og Barnehagekonferansen 2018 er ein del av denne planen.

Ein implementeringsprosess kan vere krevjande. Den legg opp til tydeleg og god leiing på alle nivå, samt at implementeringsarbeidet må vere ein kontinuerleg og systematisk prosess. Utfordringane kan vere ulike i barnehagane, og ny Rammeplan gir høve til lokalt handlingsrom. Det er implementeringsprossessen som er tema på konferansen i år. Les meir om konferansen og påmelding på Fylkesmannen si nettside

Føredragshaldarar

  • Sølvi Ona Gjul, utdanningsdirektør Fylkesmannen i Rogaland
  • Jorunn Melberg, Instituttleiar barnehagelærarutdanninga ved Universitetet i Stavanger
  • Kari Johanne Kvistad, Dronning Mauds Minne
  • Kjell Arne Røvik, professor ved Norges arktiske universitet
  • Line Melvold, leiar i Styd kommunikasjon
  • Cecilie Langhold, Utdanningsdirektoratet

Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (17.04.2018)

Skriv ut artikkel print symbol