Korleis betre lærarpraksisen?


Dei nye praksisskolane skulle gje meir støtte til lærarane si rettleiing av lærarstudentane. Fire år etter reforma opplever mange lærarar framleis at dei er åleine om ansvaret for studentane.

I 2005 innførte Kunnskapsdepartementet ei ny ordning for praksisutdanninga til lærarstudentane. Skolane, ved rektor, inngår no kontrakt om praksisopplæring med høgskular og universitet. Meininga med den nye ordninga er at heile lærargruppa og leiinga ved skolen skal vere ansvarleg for og ta del i praksisrettleiinga av studentane.

No viser ei ny undersøking ved Universitetet i Stavanger at mange praksislærarar ikkje opplever at dei har støtte i lærarkollegiet og skoleleiinga når dei skal rettleie og vurdere lærarstudentane. Meir enn 40 prosent av praksislærarane opplever at dei står åleine når dei skal vurdere studentane. 30 prosent rapporterer at dei ikkje opplever at dei har støtte frå skolen når det gjeld gjennomføringa av praksisperioden.

Ikkje innfridd
– Denne undersøkinga viser at intensjonane med praksisskolen ikkje er innfridde. Rett nok har ordninga berre eksistert i fire år, men ein kunne forvente at skoleleiinga på enkelte skolar tok meir ansvar. Det er eit stykke igjen før praksisskolane fungerer etter planen, seier instituttleiar Elaine Munthe ved Institutt for allmennlærarutdanning og spesialpedagogikk ved Universitetet i Stavanger.

Ho er leiar av eit delprosjekt innan forskingsprosjektet Nyutdannede læreres mestring av yrket (NYMY-prosjektet) som har gjennomført ei spørjeundersøking blant lærarar ved praksisskolar i februar 2008. I alt 2 205 lærarar ved 111 skolar har svart på spørsmåla.

– Skoleleiinga må ta større ansvar. Dei må sikre at det er fleire i lærarkollegiet som er med på førebuinga, gjennomføringa og evalueringa av praksisperioden, fortel Munthe. Til no har det vore forska lite på lærarutdanning generelt og praksisdelen spesielt. I nær framtid kjem det fleire analysar av tala frå spørjeundersøkinga. Blant anna vil Munthe og kollegaene Sissel Østrem og Brit Hanssen, som er med på NYMY-prosjektet, sjå nærare på kvaliteten på innhaldet i praksisutdanninga.

Lovar tiltak
På spørsmål om kva tiltak departementet gjer for å bøte på den mangelen på støtte som mange lærarar opplever, svarer forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland at departementet no finansierer eit landsomfattande, praktisk retta utviklingsprosjekt i lærarutdanninga som heiter Praksis som integrerende element i lærerutdanningen (PIL). Målet med dette prosjektet er nettopp å utvikle gode modellar for praksisopplæring i lærarutdanningane.

– Heldigvis får vi etter kvart meir kunnskap på området. Eg er glad for at det allereie no ligg føre resultat frå NYMY-prosjektet. Det gir oss viktig kunnskap som vi kan bruke i arbeidet med stortingsmeldinga om lærarrolla og lærarutdanninga, som òg vil handle om tiltak for å gjere lærarstudentane sin praksis betre, fortel Aasland. 

Ministeren legg til at på grunnlag av den kunnskapen departementet no har om situasjonen i praksisopplæringa, vil stortingsmeldinga som kjem om kort tid, omtale ei rekkje tiltak for å rette på dokumenterte svakheiter og betre kvaliteten også i denne delen av lærarutdanningane.

VIL DU VITE MEIR?
Elaine Munthe, Institutt for allmennlærerutdanning
og spesialpedagogikk, UiS,
tlf.: 51 83 35 30, e-post: elaine.munthe@uis.no

Tekst : Karen Anne Okstad
FOTO: Erling Hægeland


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (03.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol
Bilde av lærer og lærerstudent i klasserom.
UNNTAKET: Lærar Mary-Anne Vadla ved Tjensvoll skole samtaler med elevane sine. Lærarstudent Vibeke Settem er tilhøyrar. I motsetnad til mange andre lærarar på andre skoler opplever Vadla god støtte i kollegiet og leiinga på skolen i arbeidet med å rettleie lærarstudentane. FOTO: Erling Hægeland

GLAD MINISTER: - Eg er glad for at det allereie no ligg føre resultat frå NYMY-prosjektet frå Universitetet i Stavanger. Det gir oss viktig kunnskap som vi kan bruke i arbeidet med stortingsmeldinga om lærarrolla og lærarutdanninga, fortel forskings- og høgare utdanningsminister Tora Aasland.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER