Nyutgåve av Konfutses ”Samtalar”.


Den viktigaste boka i den kinesiske kulturtradisjonen, Konfutses Samtalar, kjem nå i ny utgåve i bokklubb-serien Verdens hellige skrifter. Det er førsteamanuensis i journalistikk, Ole Bjørn Rongen, Institutt for medie-, kultur- og samfunnsfag, UiS, som har omsett ”Samtalar” eller ”Lunyu”, til norsk frå klassisk kinesisk.

Han har også skrive ei innleiing der han gjer greie for Konfutses liv og lære, konfutsianismen etter Konfutse og teksthistoria til Samtalar. Innleiinga er oppdatert med nyare forsking sidan denne norske utgåva kom ut første gongen for tjue år sidan.

Samtalar er den viktigaste kjelda til Konfutses (551-479) liv og lære. Boka inneheld korte dialogar mellom Konfutse og følgjesveinane eller andre personar i samtida, læresetningar, skildringar av Konfutse og veremåten hans og av dei fremste elevane. Trass i den knappe stilen får vi eit levande bilete av meisteren og tilhøvet til elevane.

Dei siste tretti åra har det skjedd ein renessanse for konfutsianismen både i Kina og i kinesiske miljø utanfor Kina. Trass i revolusjon og kulturrevolusjon i nyare tid er Kina og kinesarane i mangt framleis ”konfutsiansk”, og derfor er kunnskap om Konfutses tankar ein viktig føresetnad for å forstå Kina i dag.


Sist oppdatert av (02.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol