Yrande liv på campus


Nærare 2500 besøkande fekk ein smakebit på studentlivet då UiS inviterte til Open dag.

Kvart år inviterer Universitetet i Stavanger elevar og rådgivarar frå vidaregåande skular og andre nysgjerrige til å bli betre kjent med universitetet. Her kan besøkjande gå på foredrag og infomøter,  vere med på labvandring og besøke stands.

Nytt av året var at fire tidligare studentar fortalde om si utdanninga og studietida si, og om kva dei arbeider med nå. Les meir om alumninettverket ved UiS.

Besøkane kunne og stikke innom nyhetsprosjektet, kor studentar fra journalistikk og fjernsyn- og multimedieproduksjon lagar daglege sendingar. 

Studietida er meir enn berre fag og teori. Ved UiS er det fleire studentprosjekt kor studentar frå ulike studieretningar arbeidar saman om å lage racerbil, drone, borerigg og marsrover.


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (08.03.2018)

Skriv ut artikkel print symbol