Vampyrekspert i Store studio


No kjem vampyrfilmen ”Twilight – evighetens kyss” på kino til stor glede for mange jenter. I kveld, mandag 1. desember, skal Janne Stigen Drangsholt ved Universitetet i Stavanger snakke om vampyrar i Store studio, NRK 1.

Postdoktor Janne Stigen Drangsholt underviser for tida i britisk litteratur ved Universitetet i Stavanger. Ho har særleg kjennskap til mytar i litteraturen, og har blant anna interessert seg for vampyren som fenomen. Nyleg skreiv ho ei spalte om vampyrar i Aftenposten sitt månadsmagasin Innsikt. I kveld stiller ho opp i Anne Lindmos Store studio.

Romantikk framfor feminisme
– Vampyrar representerer forskjellige ting til forskjellige tider. Ein kan sjå på vampyren som et symbol på det å ikkje passe heilt inn. Og akkurat no for tida er vampyren ein romantisk helt, slik som i filmen ”Twilight – evighetens kyss”, seier Drangsholt.

Filmen er basert på den første boka til Stephenie Meyer som har opplevd stor suksess med Twilight-serien i USA. I Noreg heiter boka ”Evighetens kyss”. Boka har seld godt, og kjem i nytt opplag over jul.

– Dette er Harry Potter for jenter. Men der Harry Potter stiller spørsmålet ”Kven er eg? og ”Kva krefter har eg i meg”, så handlar ”Twilight” om å finne seg sjølv gjennom å finne seg ein mann, seier Drangsholt.

Postdoktoren skjuler ikkje at ho er skeptisk til at serien har vorte så populært med tanke på filmens antifeministiske prosjekt.

– På 80-talet vart vampyrar framstilt som rotlause ungdommar. Dei følte seg annleis og var einsame. Dette gav gjenklang hos mange unge. Mykje av dette gjeld for korleis vampyrar blir framstilt i dag òg, men i tillegg kjem det romantiske. Vampyren er no gjerne mørk og mystisk, og når vampyrens blikk treff ei jentes blikk, føler ho seg utvalt blant mange andre. "Twilight" handlar òg mykje om å føle seg isolert og bli godkjent i ei gruppe, forklarer Drangsholt som meiner at denne seriens popularitet i USA er eit teikn på feminismens tilbakemars.

Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (01.12.2008)

Skriv ut artikkel print symbol