Les Edvard Hoems tale!


Folk på huset snakkar ennå om Edvard Hoems tale under Årsfesten. På oppfordring legg vi ut teksten, til glede både for dei som ikkje var til stades og dei som vil gjenoppleva talen.

"Rektor, doctores, mine damer og herrar!

For meir enn tretti år sidan sat eg saman med den for lengst avdøde regissøren Pål Løkkeberg og gjekk gjennom eit teaterstykke eg hadde skrive, for å legge det til rette for framføring på Nationaltheatret. Det var eit stort og uryddig arbeid, som til slutt vart oppført med ein annan regissør. Men enno dreiv vi altså og skulle få skikk på det som heiter dramaturgien, i Musikken gjennom Gleng. Vi gjekk gjennom, frå scene til scene, korleis konfliktane i stykket utvikla seg og avløyste kvarandre fram mot kli-maks, eller katastrofe, som ein kan kalle det, når det er ein tragedie det dreier seg om.
Eg unnskyldte meg fordi det uferdige stykket enno inneheldt mange inkonsekvensar og sjølvmotseiande passasjar som måte ryddast ut. Handlingar var ikkje vasstett og uangripeleg, den hadde både gjentakingar og hol. Da var det Pål Løkkeberg sa: Kvar einaste hindring i eit uferdig arbeid, kvart problem som dukkar opp, og kvar einaste rekvisitt som står i vegen på scenen, kan gjerast om til eit verktøy som kan gi ei meir overraskande og original handling. Hindringar og snublesteinar skal ikkje ryddast av vegen. Vi skal ikkje hoppe over dei, men inkludere dei og bruke dei til å føre tilskodaren gjennom eit forløp som vi ikkje før var klar over, til ei avslutning vi ikkje visste om.

Nye utvegar
Det var ei fundamental og kanskje innlysande innsikt, men eg veit ikkje om det er noko råd eller nokon kritikk som har fått så mykje å seia for meg som dette. Når eg av og til blir spurt om kva eg helst vil skrive om, svarer eg gjerne: Om det som blir annleis enn tenkt! Annleis enn planlagt, annleis enn spådd! Så langt som eg har fått det til, har eg derfor prøvd å unngå å skrive bøker etter skjema og disposisjon. Det utfallet og den enden som på førehand ikkje var kjent for forfattaren ein gong, har vore mi inspirasjonskjelde gjennom eit langt skriveliv. Det livet vi lever, kan vera godt eller ulykkeleg, men nærast det karakteristiske ved livet er vi når vi tar tar inn over oss det uforutseielege og uventa. Eit brått, kanskje til og med brutalt omskifte fører til at nye utvegar blir mogelege, andre perspektiv blir synlege. Kva vi enn kan ventar oss av framtida, veit vi at alt blir annleis enn det vi no kan sjå. Det grunnleggande uvisse er vår lodd. Vi samlar i låve og sparer opp pensjonspoeng, men vi veit aldri sikkert om vi vil få nyte alt vi får i hus og set på bok. Vi håpar og lengtar og vonar og trur, men gjennom heile livsprosjektet skin det usikra og det skjøre, og det som når som helst kan bli endevendt.
Derfor er det på sett og vis eit paradoks at vitskapen, ja i grunnen heile sivilisasjonen bygger på det motsette. Den komplekse og samansette materien som omgir oss og som vi kallar det verkelege, utfaldar seg jo også etter visse lover, og vi prøver å finne desse lovene gjennom å systematisere erfaring og samle kunnskap. Vi utfører eksperiment og set i gang prosessar for å sjå kva som skjer under gitte førehandsvilkår. Vi bruker denne kunnskapen for å utnytte naturlege prosessar til eigne formål. Slik legg vi stadig større felt under vår menneskelege kontroll og utnytting. Den vitskaplege erkjenninga er blitt ein avgjerande del av vår verdsoppfatning.

Får neppe svar
På eit vidt spektrum av felt, frå økonomi og leiing, til språk og litteratur, skal meir enn åtte tusen studentar ved Universitetet i Stavanger denne vinteren møte menneskelege erfaringar i systematisk form, framskaffa gjennom eksperiment og ved bygging av hypotesar, som gjennom prøving og feiling er blitt til vidløftige teoriar om korleis universet er samansett og korleis menneskenaturen utfaldar seg. Ved ulike metodologiske grep er dei fleste fenomen i verda blitt gjennomlyste, men i alt vi veit og bak alt vi veit er det fundamentale spørsmål som vi neppe får noko svar på, for eksempel kvifor alt er som det er. Den uforklarlege resten som vi tilsynelatande aldri kjem til, er det som fascinerer oss aller mest. Det er den som er sjølve smaken, eller angen, av det som vi kallar livet. Legevitskapen har studert søvnen i tusen år, men kan enno ikkje svara sikkert på kvifor vi søv. Eg har tenkt at svaret på søvnens gåte kanskje er ikkje svaret medisinsk, men filosofisk: Vi søv fordi at vi innimellom skal få fred frå oss sjølve, sleppe unna oss sjølve og gløyme oss sjølve. På den måten blir det mogeleg å vakne og finne sitt vakne eg igjen.
Grunnlaget for at søkinga etter svar er uendeleg, er den enorme kompleksiteten i universet, og at den menneskelege undringa og begjæret etter å finne svar på gåtene heller ikkje ser ut til å stanse nokon stad. Vi lever i ein endelaus prosess, der ein søker kunnskap for å utnytte naturen, finne boteråder mot sjukdom, organisasjonsmodellar for samfunn og all denne kunnskapen skal formidlast til nye generasjonar av ungdom som enno har ei open framtid og som veit at innanfor deira levetid skal mykje utruleg skje. Det vil skje, og det blir annleis enn tenkt, og det er det mi oppgåve i dag å minne om.

Verdens undergang?
I denne verda av krakk og krise, eit samanbrot som sannsynlegvis er meir vidtgåande enn vi enno har forstått, er det mitt oppdrag og mi glede å minne om at samanbrotet ikkje berre skaper kaos, det også opnar for nye utvegar og nye endringar. Domme-dagsprofetiane som gjeld klimaet er sette på vent, medan vi prøver å handtere den økonomiske resesjonen som ser ut til å ligge rundt neste sving. Systemets sigerrike indre dynamikk har no stilt spørsmål ved sin eigen legitimitet, og regjeringar verda over prøver å finne tiltak som kan avgrense skaden på samfunn og sosiale ordningar.
Personleg trur eg ikkje vi får sjå verken verdens undergang eller slutten på kapitalismen i denne omgang. Men vi blir like fullt minte om at det som har framstått som uangripeleg og urokkeleg, til sjuande og sist vil gå i oppløysing.
Historia sjølv har, stikk i strid med alle påstandar om det motsette, vist at den ikkje er slutt, slik som den amerikanske historikaren Fukyijama sa for berre femten år sidan. Historia gjentar seg heller ikkje, den begynner alltid ein annan stad og går ein annan veg. Vi får ikkje dei same religionskrigane i det tjueførste hundreåret som i mellomalderen, vi får heller ikkje Wall Street 1929 ein gong til. Vi har sett mange konfrontasjonar mellom den muslimske og den kristne verda dei siste åra, men vi er ikkje vitne til noko clash of civilizations, som Samuel Huntington kalla det. Bak den krig og dei terroraksjonar som vi er redde for, ligg kampen om ressursane og kampen om hegemoniet over den globale uviklinga. I denne kampen prøver aktørane også å mobiliserere dei religiøse motsetnadene for å vinne slaget, men til sjuande og sist er det all about the oil, som ei internasjonal avis skreiv for ei tid sidan, både i Afghanistan og i Irak. Medan Amerika kjempar for sin førarplass i verdsøkonomien, kjem så ei krise for det kapitalististiske systemet som har globale dimensjonar og som minner oss om det ustabile og det ubestandige i alle sosiale system. Alle system har si tid, og i under-gangen for det gamle blir det nye til.

Optimistisk
Sivilisasjonen, og mennesket er det einaste dyret som bygger sivilisasjonar, baserer seg på at verda står til påske, men når verda ikkje står til påske, er det vår oppgåve å bryte opp, legge vår gamle vurderingar og fordommar til side, og starte på nytt ein annan stad. Eit verdsbilete er ikkje noko anna enn ei mellombels forklaring på kvifor alt heng saman slik det gjer. På eitt eller anna tidspunkt viser den seg ikkje å stemme, og ei ny forklaring må leggast fram. Ingen ting anna er sikkert om framtida enn at den blir annleis enn vi forestiller oss, og like vel må vi utvikle modellar for å predikere korleis tendensar blir til mønster og mønster blir til lover som vi kan avleie og gjera allmenne utan å vera hundre prosent sikre på at dei er gyldige.
Sivilisasjonens grunnidé er utviklingsoptimistisk. Den føreset at menneske er i stand til å ta ansvar for sine eigne ugjerningar i universet, og at alle kriser som mennesket sjølv har skapt, sjølv klimakrisa, er handterlege for mennesket. Det finst ikkje nokon annan måte å handle på, enn å lata som om framtida finst. Dommedagsprofetiane vender ingen som er på veg mot stupet. Vegen mot stupet kan berre endrast gjennom at menneska vinn ny kunnskap og kan utvikle strategiar for å vende ei destruktiv utvikling til det positive. Kriser og samanbrot kan vera smertefulle, og ingen har nokon garanti mot at dei ikkje blir følgde opp av krigar og konfliktar som er verre enn dei vi har sett før.

To utfordringar
Like fullt trur vi på at vi kan overvinne våre eigne villfaringar. Det er ikkje tida for dei store utopiane, men det er heller ikkje for den allmenne pessimismen som faktisk låg i lufta lenge før det økonomiske krakket kom. Med all respekt for kor vanskeleg det er å spå, trur eg for min del altså at omfanget av den økonomiske nedgangen blir langt større enn vi enno har skjønt. Dette kan vi ikkje hindre, vi kan i beste fall redusere skaden og unngå katastrofen ved å gjera ulykka til å leva med. Men enda større betydning vil det få om krakket ryddar grunn for nye forvaltningsidear og nye måtar å organisere menneskesamfunnet på. Vi veit ikkje korleis dette blir, men vi veit at denne organiseringa må skje gjennom at vi sluttar fred med naturen, i ein global kontekst, i ei verkeleg verd, der de finst ulike religionar og ulike sosiale system som no meir enn nokon gong før i historia må leva side om side.
Da har vi to store utfordringar: Å vende den økonomiske krisa til ein ny begynnelse for kampen mot nedbrytinga av naturen og fordervinga av klimaet, og å søke fred mellom religionane og ideologiar som er i konflikt med kvarandre.
Dette faktum utfordrar vår eiga forestilling om ytringsfridom og utfaldingsfridom. Medan sekulariseringa aukar i dei vestlege samfunna, er ytringsfridommen kome under angrep frå to kantar: På den eine sida står dei som gjer ytringsfridommen er ikkje heilag, og at alle andre omsyn må vike for den. På den andre sida står dei funda-mentalistiske kreftene som vil avgrense ytringsfridommen for å unngå menneskeleg frigjering, og oppretthalde undertrykkande sosiale mønster, anten det er patriarkatets privilegium eller føydale økonomiske strukturar.

Krenke det heilage
Vi kan ikkje, utan å svikte oss sjølv, gi opp retten til å kritisere dei tankar som er nedlagde i tradisjonen, heller ikkje når dei er inneslutta i heilage tekster som Bibelen og Koranen. Ingen kan påtvinge oss å halde noko heilagt som ikkje er heilagt for oss. På den andre sida har vi ingen rett til å krenke det at det heilage er heilagt for andre. Derfor var det ikkje riktig, det Sabana Rehman gjorde på Lillehammer, da ho gjennom-førte ei symbolsk brenning av Koranen. Retten til fri ytring, som er ein universell verdi, kan ikkje kjempast fram gjennom konfrontasjonar og provokasjonar som inneber at ein sårar dei religiøse kjenslene til ein milliard truande muslimar. Slike handlingar må ein rett og slett avstå frå, om ein vil ha framgang for den universelle retten til fri ytring.
Den einaste vegen til ein universell aksept av den frie ytringa, er å invitere til ein fredsdialog mellom religionane og undersøke vilkåra for at ein slik fred kan vare. I tidlegare tider levde religionane for ein stor del i ulike geografiske område. Middelhavet låg mellom dei kristne og dei vantru, skriv den italienske semiologen og forfat-taren Umberto Eco, i eit essay om krig og fred. Pyreneane isolerte den delen av vest-verda som i mellomalderen var på arabiske hender. Korsferdene skulle sikre Orienten for dei kristne, men resultatet vart det motsette, dei førte ikkje til anna enn at frontane vart uforsonlege mellom dei to religionane. Gjenerobringa av Spania for dei kristne var rett nok ein militær siger, men til gjengjeld greidde tyrkarane å koma like til Wien. Etter den tid har vesten nøyd seg med å kolonisere Orienten, og det er denne koloniseringa som er grunnen til konfliktane i dag. Vi har den teknologiske over-makta, men oljerressurane som verda framleis er avhengig av, ligg mest av alt i land der muslimane er i suveren majoritet. Dessutan har Europa i dag sterke muslimske minoritetar i nesten alle hovudstader og i nesten alle større byar.

Tenke på grannane
Derfor, skriv Eco, om konfliktane blir forsterka, har vi ingen utveg til å stanse all den terror som kan skje i våre eigne land. Tre millionar tyrkarar kan ikkje skipast ut frå Tyskland når sivilisasjonane for alvor barkar saman. Vi kan ikkje overvake dei og kontrollere dei. Om vi går til religionskrig, vil dei vera fullt i stand til å lamme alle sentrale samfunnsfunksjonar. Om det oppstår ein konflikt mellom sivilisasjonane vil ingen bli i stand til å vinne i noka overskodeleg framtid, det einaste alternativet er dermed å kjempe fram ein fred, eller ein harmoni mellom dei ulike religionane, og Ecos veg til ein global fred mellom sivilisasjonane er å skapa lokal fred mellom ulike folkegrupper, gjennom å finne kvar grensa mellom fri ytring og fri krenking går. Det er kanskje den største utfordringa ved sida av det økonomiske kaoset som vi ikkje ser enden på.
I kvar einaste familie vil ein ha erfaring med at det finst konfliktar ein lar ligge fordi dei ikkje vil la løyse gjennom provokasjonar. Ein forsonar seg med at det finst ulike synsmåtar og standpunkt fordi ein ikkje kan velja verken foreldre elles søsken. Ein har dei slektningane ein har, så sant ein vil ha slektningar. I den moderne verda har vi også dei grannane vi har, og vi må leva med dei. Ein varig global fred kan berre bli til gjennom modellar for sameksistens på det lokale plan, som viser seg levedyktige. Det som er heilagt for grannen, kan ikkje vi krenke med vår levemåte. Men dermed blir vi tvinga til å tenke gjennom på nytt kva som er heilagt for oss.

Ein umisteleg kjerne
Dermed er vi ved utgangspunktet, der all refleksjon startar. Kven er vi, kva vil vi, kva er våre verdiar, våre mål? Eit universitet skal ikkje berre utfordre den intellektuelle kapasiteten til studentane og oppfordre dei til å utforske mysteria i naturen og menneskelivet, det skal også minne om at kvar einaste ein av oss er skapt av bestemte historiske vilkår, i eit bestemt landskap, i ein bestemt tidsalder, i eit bestemt språk. I møtet med den globale samfunnsorden som no er i ferd med å vekse fram, er ikkje spørsmålet berre korleis ein skal lære dei andre å kjenne, men kva slags stammesongar vi ber med seg som våre eigne, kva slags landskap vi går med i sinnets rom, som er brent inn der av barndom og oppvekst. Midt i det flyktige og foranderlege og ei verd som utviklar seg annleis enn vi hadde tenkt, finst det ein umisteleg kjerne som er djupt personleg og uunnverleg, som blir med oss heile den lange og enno ukjende vegen til eit mål vi ikkje veit om."

Edvard Hoem


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (20.11.2008)

Skriv ut artikkel print symbol