Utsteinseminaret 2009


Utsteinseminaret finn stad 6.-7. februar 2009. Her vil ein ta opp ulike perspektiv på lokalsamfunnet si historie.

Gjennom å drøfta studiar av lokalsamfunnet frå ulike faglege perspektiv vil me få kritiske analyser av eit fagfelt som er sterkt prega av oppdragsverksemd. Me spør: Kva nytte kan andre fag og historiefaglege område ha av dei lokale studia? Kva er dei sterke og dei svake sidene ved den omfattande lokalhistorieskrivinga? Kva er den eigne drivkrafta i fagfeltet?

Mangel på teoretisk refleksjon har ofte vore eit kjenneteikn ved den lokalhistoriske tradisjonen. Dei lokale historiske studia har i stor grad vore "underdanige" overfor den øvrige historieskrivinga, ved at det lokale har hatt ei rolle som eksemplifisering av eit meir generelt og gjerne nasjonalt mønster. I andre tilfelle har ein studert eit lokalt samfunn for si eiga skyld, som om verda utanfor knapt eksisterte.

Eit viktig mål for lokal- og regionalhistoria må vera å bryta med både underdanigheit og isolasjonisme, og la undersøkinga av lokalsamfunnet gjera seg nytte av teoriperspektiv frå ulike fagfelt utan å missa sitt særpreg knytt til utforskinga av eit avgrensa geografisk område. På den andre sida er mange ulike typar historiske studiar avhengige av å undersøka nettopp lokalsamfunn. Ved å bringa lokalhistoria i eit betre samspel med andre historiske forskingsfelt vil begge kunna utvikla seg. Utsteinseminaret vil bidra til debatten og tar mellom anna opp desse spørsmåla:

Innan lokal- og regionalhistoria har det vore ein tendens til å skriva totalhistorie. Dersom denne ambisjonen skal haldast oppe, kva for teoretiske problem og perspektiv er særleg sentrale å drøfta? Viss totalhistorietanken er eit feilspor, kva er alternativa?
Korleis er tilhøvet mellom forskar og oppdragsgivarar? Sjølv om ein ikkje går på akkord med sanninga, er det likevel lett gjort å velja tema og vinklingar som gjer det lokalhistoriske arbeidet populært hjå oppdragsgivar og for den lokale bokmarknaden. Er dette fagleg eller forskingsetisk forkasteleg?

Er det ei styrking av faget lokalhistorie at skriving av t.d. byhistoriske verk og kommunehistorie blir knytt sterkare opp til universitet og høgskolar, gjennom t.d. etablering av eigne by- og regionhistoriske sentra – som ved UiS? På kva måte? Kva er problema med ei slik tilknyting?

Påmeldingsfrist: 12. januar 2009

Deltakaravgift kr. 1900,- (Student 1500,-), utan overnatting 1300,- (Student 1100,-)
Dette dekkjer alle kostnader utanom transport.
Påmelding snarast på grunn av begrensa plass: eli.g.espedal@uis.no 51 83 12 51
Postadresse: Universitetet i Stavanger, IKS, N-4036 Stavanger

Program og meir informasjon

Sist oppdatert av (19.11.2008)

Skriv ut artikkel print symbol