Skal få fortgang på utviklinga mot eit nullutsleppsamfunn


Sju UiS-forskarar deltek i eit forskingssamarbeid mellom europeiske universitet og industri som skal utdanne høgt kvalifiserte energi-ekspertar og gje meir miljøvenlege energisystem i Europa.

– For å kome Paris-avtala og to-graders-målet i møte, er ei global energi-omstilling naudsynt, ikkje berre med tanke på korleis energi lagast, men også med tanke på korleis energi blir omdanna og brukt, seier professor Mohsen Assadi ved Institutt for energi- og petroleumsteknologi ved Universitetet i Stavanger (UiS).

Assadi deltek i eit større europeisk forskings- og innovasjonsprosjekt om energisystem i endring – ENSYSTRA – Energy Systems Transition. UiS har fått bevilga omlag 7,6 millionar kroner i prosjektet og er engasjert med sju forskarar. Målet er å skape framdrift i overgangen frå eit sentralisert til eit desentralisert og meir miljøvenleg energisystem i Europa. Det skal dei klare ved at teknologar og samfunnsvitarar samarbeider tett med industrien for å utdanne 15 ph.d.-stipendiatar innan feltet.

– Skal omstillinga til eit meir miljøvenleg samfunn lykkast, trengs det høgt utdanna ekspertar med vitskapleg tyngde og industriell innsikt som kan forstå og utvikle nye, relevante energisystem og administrere ein energimarknad med fornybar energi, seier Mohsen som leier ei arbeidspakke innan teknologi i ENSYSTRA.

Forutan UiS deltek fem andre universitet i det som på mange måtar kan kallast eit nordsjøisk energilaboratorium: Aalborg universitet, Universitetet i Groningen, Universitetet i Edinburgh, Europa-universitetet i Flensburg og Chalmers tekniska högskola.

Prosjektet starta opp i november 2017 med eit felles seminar i Groningen.

Treng ei samfunnsomvelting

Verda har dei to siste åra vore vitne til at teknologien på solcelle- og vindteknologi har hatt eit drastisk prisfall.

– Læringskurvene for dei nye energi-teknologiane har vist at utviklinga stoppar ikkje opp på grunn av manglande teknologiske løysingar. Det er økonomiske, politiske eller sosiale årsaker som gjer at utviklinga går treigt, påpeiker Assadi. 

Professoren føler sterk motivasjon ved å delta i eit større europeisk prosjekt som skal få utviklinga til å gå raskare.

– Overgangen frå eit energisystem med lagra fossilt brensel til eit system som baserer seg på ein energimiks, som slepp ut betydeleg mindre CO2, kan berre skje ved ei samfunnsomvelting, seier Assadi.

Teknologar og samfunnsvitarar

Mohsen Assadi trekk fram kor viktig det er at teknologar og samfunnsvitarar samarbeider tett.

– For å få til løysingar som faktisk fungerer, må teknologar og samfunnsvitarar samarbeide. Berre slik kan ein unngå at vi får løysingar som fungerer teknisk, men ikkje politisk, og omvendt: løysingar som fungerer økonomisk, men ikkje sosialt. Alle aspekta i den framtidige løysinga må fungere samtidig, derfor er det så viktig å få til godt samarbeid på tvers, seier Assadi. 

Statsvitar og professor Oluf Langhelle deltek også frå UiS. Han er ekspert på omstilling og politikkutforming og er fagansvarleg på masteren i Energi, miljø og samfunn – eit samarbeid mellom Det samfunnsvitskaplege fakultet og Det teknisk-naturvitskaplege fakultet.

Langhelle skal rettleie ein stipendiat som skal ta føre seg dei politiske, økonomiske  og sosiale aspekta knytt til Noreg som grønt batteri og kva som må til for å realisere ein slik visjon.

– Mange prosjekt blir i dag stoppa og bremsa på grunn av omsyn til støy, estetikk og biologisk artsmangfald – altså konflikt med andre viktige interesser i samfunnet. Vi skal sjå på kva som må til for å få fortgang på omstillinga og korleis ein kan realisere visjonen om Noreg som eit grønt batteri, seier Langhelle som også skal sjå dette i eit europeisk perspektiv.

Lage betre system

For å få til eit meir lettflytande system for heile samfunnsutviklinga mot nullutsleppsamfunnet, skal forskarane ta i bruk erfaringar frå tidlegare og lage eit standardsystem for teknologiutvikling og politikkutforming som tek omsyn til økonomi- og marknadstilhøva og viktige interesser i samfunnet – alt det som kan påverke omstilling mot eit nullutsleppsamfunn.

Forskarane skal analysere ulike scenario.

– Vi skal rett og slett finne kva løysing som er den mest framgangsrike for å utvikle eit samfunn med hundre prosent fornybar energi, forklarer Assadi.

Spillvarme og fleksibel energideling

Forskarane skal blant anna lage eit system for å ta i bruk spillvarme. Dette er varme som blir til overs i ein produksjon hos store energiforbrukarar, for eksempel i sementindustrien.

– Vi skal sjå på korleis denne varmen kan brukast til å forbetre produksjonen i industrien, om den kan brukast til å produsere hydrogen og korleis den kan nyttast når det ikkje er vind eller sol som kan produsere energi, forklarer Assadi

Forskarane vil også jobbe fram gode system for energideling og energibalanse.

– I framtida vil vi ha ulike måtar å lagre straumen på, og ei moglegheit er at enkelte industriar og fabrikkar kan ta i bruk elektrisitet når det er overflod og gje frå seg elektrisitet når det er manko. For å få til dette krevest det nytenking innan det som heiter sanntidsmodellering av system. Det vil seie at store verksemder i større grad må ha klart for seg kor mykje straum dei kjem til å bruke og kor mykje straum dei kan gje. På fagspråket kallast dette for «dispatchable load», forklarer Assadi som skal rettleie ein stipendiat som skal utvikle ein slik sanntids-modell av strømdeling basert på kunstig intelligens.

Tett på industrien

– Denne forskinga skal ikkje berre finnast på papir, vi skal løyse verkelege utfordringar og problem hos industrien og myndigheitene, forklarer Assadi.

Alle stipendiatane skal være eit halvt år i ein bedrift. Dei tre UiS-stipendiatane knytt til prosjektet, skal vere i ei bedrift i Skottland, ei i Tyskland, ei i Danmark og ei i Noreg. Slik får dei relevant kompetanse frå fleire fagmiljø.

På norsk side deltar Lyse, Statkraft og Norwegian Energi Partners som vertar for stipendiatar frå dei andre universiteta. Andre industriverksemder deltar i Skottland, Sverige, Tyskland, Nederland og Danmark.

– Stipendiatane vil få ei solid forskarutdanning i tillegg til ferdigheiter som næringslivet og offentleg sektor treng. Målet er å utdanne ekspertar som kan løyse utfordringane samfunnet har knytt til klima og omstilling, held Assadi fram.

Tekst: Karen Anne Okstad
Foto: ©UiS/Asbjørn Jensen


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (26.01.2018)

Skriv ut artikkel print symbol
Professor Oluf Langhelle og professor Mohsen Assadi ved UiS.
I ENSYSTRA deltek samfunnsvitarar og teknologar saman for å få på plass betre energiløysingar. Professor og statsvitar Oluf Langhelle (t.v.) og professor og teknolog Mohsen Assadi (t.h.) jobbar mot det same målet: Nullutsleppsamfunnet.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER