J. P. Liyanage i internasjonal arbeidsgruppe


Professor Jayantha P. Liyanage, Institutt for konstruksjonsteknikk og materialteknologi,UiS, er oppnemnd som medlem i ei arbeidsgruppe i The International Federation of Automatic Control (IFAC). Oppnemninga er innan fagområdet ”Advanced Maintenance Engineering, Services and Technology”.

Gruppa skal arbeida for å få til koplingar mellom akademia og industrien, få til utveksling av studentar og forskarar og betre undervisinga i vedlikehaldsfag. Gruppa har medlemmar frå Frankrike, Italia, Spania, Finland, USA og Liyanage frå Norge..

IFAC som vart skipa i 1957, er ein internasjonal organisasjon med medlemmar frå verksemder innan automatisering og vedlikehald.

Professor Jayantha P. Liyanage er også senterleiar for Senter for Industriell teknologi og driftsledelse (Center for Industrial Asset Management) på Universitetet i Stavanger.

- Dette er eit godt høve til å få impulsar frå dei mest kompetente fagpersonane innan automatisering og vedlikehald, seier Jayantha P. Liyanage. Det opnar også for at UiS kan få synt fram eigen fagkompetanse på desse områda og synleggjera Senter for Industriell teknologi og driftsledelse.  Reperentasjon i IFCA kan også gjera at vi kan få vera med i faglege EU-prosjekt som er ei klar føremon for forsking og rekruttering.

 

 


Sist oppdatert av (19.11.2008)

Skriv ut artikkel print symbol