Brageprisnominerte


To tilsette ved Universitetet i Stavanger konkurrerer om Brageprisen 2008. Stephen J. Walton og Nils Rune Langeland har begge skrive ei sakprosabok som er humoristisk og skarp i sine utfall, og difor også godt likt av nominasjonsjuryen for Brageprisen 2008.

Fredag 21. november sit kollegaene professor Stephen J. Walton og førsteamanuensis Nils Rune Langeland i salen under Brageprisen 2008, truleg i håp om å høyra deira namn bli nemnd. Dei er nemleg begge nominert til beste sakprosa av årets nominasjonsjury for Brageprisen 2008.

Boka Skaff deg eit liv! er gitt ut på Det norske samlaget. Nominasjonsjuryen fortel om forfattar Walton at han bruker det norske språket med stor nyanserikdom i ein prosa som både er humoristisk og skarp i sine utfall. Det er forfattarens engasjement koplet saman med hans nysgjerrigheit og språklege skaparevne som gjer boka til ei slagkraftig debattbok.

Hater konkurransar
Walton meiner at biografane må gå vekk frå dei gamle romanimiterande formane, og våge å bruke seg sjølv meir. Forfattaren går i så måte framom som eit godt eksempel, og trekk inn sitt eige liv i boka si. Der kjem han blant anna inn på si eiga skulegang i England som var prega av tevling og hard disiplin. Sitat frå boka: ”Eg klarer ikkje å sjå på konkurranse som anna enn eit symbolsk forsøk på å avlive den andre.”

Med andre ord: Walton likar ikkje konkurransar og prisar.

– Det er noko absurd over tanken om at tekstar skal konkurrere mot kvarandre. Eg hatar dette i utgangpunktet. Eg gjekk på ei forferdeleg engelsk skule, kor kvart år kulminerte med ei prisutdeling. Eg opplevde sterk ubehag å få prisar. Det må ikkje vere slik at ein kan basere si eiga sjølvkjensle som fagperson ut frå om ein får ein pris eller ikkje, forklarer Walton, som likevel moderer seg noko:

– Det er sjølvsagt hyggeleg når desse prisane først finst at boka mi har vorte lagt merke til. Og jo, det er bra om nokon synes at boka er verd å lese, men det visste eg frå før, seier forfattaren som synes den aller beste tilbakemeldinga er å få brev frå lesarar.

Litt som å tape cupfinalen
Nils Rune Langeland har skrive ei samling reisebrev med skildringar av byar og tettstader frå Noreg. Essaysamlinga ber tittelen Noreg, kom ut tidleg i haust på Aschehoug og er eit tankevekkande forsøk på å gje eit innblikk i den moderne norske folkesjela. Dette er og ei velskriven bok med eit skarpt, vittig og til tider poetisk språk som talar til eit bredt publikum, heiter det i nominasjonsjuryens vurdering.

Langeland synes det er både flott og overraskande å bli nominert, men har ikkje tru på at han kjem til å vinne.

– Det blir litt som å tape cupfinalen, litt antiklimaks å kome så nær pallen, seier Langeland som ikkje har noko imot å konkurrere.

– Det må jo vere noko å strekke seg etter og oppnå for oss som driv på med skriving, og ikkje berre for dei som driv med idrett og business og finans.

– Kven vinn?

– Aner ikkje. Men det blir i alle høve ein middelaldrande kvit mann frå det akademiske sjikt, tipper Walton.

– Eg vil nok tippe at den svære biografien om Jens Chr. Hauge er den som stikk av med sigeren. Den har fått mykje positiv merksemd og er vorte ein bestseller, meiner Langeland som først og fremst gler seg til ein stor fest og mykje ståk.

– Det blir komisk å møte Nils Rune på prisutdelinga. Eg vil helst ikkje konkurrere med han. Eg har ikkje noko aggressive følelsar overfor han og eg vil ikkje drepe han, korkje symbolsk eller på andre måtar, forsikrar Walton og ler.

Brageprisen 2008 deles ut fredag 21. november på Bragescenen under Bokmessa 2008 i Lillestrøm. Walton og Langeland skal altså konkurrere om beste sakprosa med Olav Njølstad som har skrive ein biografi om Jens Chr. Hauge - fullt og helt, og Bjørn Westlies bok Fars krig. Nikolaj Frobenius, Per Petterson, Gunnhild Øyehaug og Jørgen Norheim konkurrerer om beste skjønnlitterære bok for vaksne.  

Les meir om Stephen Waltons bok her.
Les meir om Langelands bok her.


Sist oppdatert av Karen Anne Okstad (18.11.2008)

Skriv ut artikkel print symbol