CIESL-prosjektet i Vetenskapens värld på SVT


I juni hadde CIESL-prosjektet og Kristianslyst skule i Stavanger besøk av eit reportasjeteam frå Vetenskapens värld, Sveriges television (SVT) sitt vitskapsprogram. Måndag 4. september kl. 20.00 vert programmet med reportasjen sendt på SVT2.

Bakgrunnen for besøket er at det har vore lite forsking på læraren sitt leiarskap i klassa i Sverige. Det påpeikte professor Jan-Eric Gustavsson då den svenske offentlege utgreiinga Samling för skolan – Nationell strategi för kunskap och likvärdighet SOU 2017:35 vart presentert tidlegare i år.

Eit offentleg oppnemnt ekspertpanel, leia av Gustavsson, har i utgreiinga gitt konkrete tilrådingar for vidareutvikling av svensk skule. Her trakk dei mellom anna fram behovet for forsking kring lærarrolla i klasseromet. I Noreg er forsking på dette området relativt omfattande. Med bakgrunn i dette ynskte Vetenskapens värld å vite meir om forskinga i CIESL-prosjektet

Reportasjen tar utgangspunkt i utfordringar i svensk skule. Her ser ein nærare på korleis forsking på læraren si leiing i klasserommet kan gi ytterlegare kunnskap om korleis interaksjon i klasserommet er knytt til elevane sitt læringsutbytte. Forskarar ved Læringsmiljøsenteret og lærarar og elevar ved Kristianslyst skule er med i reportasjen.


Sist oppdatert av Marit Oddvarsdotter Øvregård (31.08.2017)

Skriv ut artikkel print symbol