Utlysing av forskingsmidlar i Helse Vest


Helse Vest sine forskingsmidlar skal medverke til å sikre forskingsaktivitet i helseføretaka i regionen. Fristen for å søkje midlane er 15. september 2017.

Forskingsmidlane skal vere eit insentiv og økonomisk bidrag til å få meir forsking av god kvalitet, og for å byggje forskingskompetanse gjennom tildeling av doktorgrads- og postdoktorstipend, opplyser Helse Vest på sine nettsider.

Det regionale samarbeidsorganet mellom Helse Vest, Universitetet i Bergen, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet som vedtek fordelinga av forskingsmidlane, oppmodar til samarbeid i regionen om forskingsprosjekt det blir søkt midlar til.

Les meir om utlysing av forskingsmidlar og kriterium for å søkje på Helse Vest sine nettsider.

I samband med utlysinga av forskingsmidlar skal det haldas eit informasjonsmøte på SUS i aulaen 2. etg sydbygg, tirsdag 22. august kl 1330-1500.


Sist oppdatert av Benedicte Pentz (22.06.2017)

Skriv ut artikkel print symbol