Bruk av nanokrystallar for auka oljeutvinning


Krystallinsk nanocellulose kan brukast som eit miljøvenleg tilsetningsstoff for å auke utvinningsgraden i sandsteinsreservoar.

Det kjem fram i avhandlinga til Silje Molnes (32), som forsvarte si doktorgrad ved Universitetet i Stavanger 15. juni.

Krystallinsk nanocellulose (CNC) blir utvunne frå trevirke og er eit miljøvennlig alternativ til eksisterande tilsetningsstoffer som allereie er i bruk i industrien. I studien har Molnes studert dei fysiske og kjemiske eigenskapane hos CNC, og korleis desse blir påverka av dei ulike tilhøva som kan finnast i et oljereservoar.

Materialkarakterisering er blitt utført på Ugelstadlaboratoriet ved NTNU i Trondheim, mens eksperimenter innanfor oljeutvinning er utført på «Smart Water»-laboratoriet på Institutt for Petroleumsteknologi ved UiS i Stavanger.

Smartare vatn

Resultata viste at CNC med fordel kan nyttast som tilsetjingsstoff til såkalla «smart vatn», som blir pumpa inn i reservoara for å få ut meir olje.

Dersom produktet blir implementert, vil det bety ein økonomisk opptur for norsk skogdrift, sidan råmaterialet kan kome frå trevirke. For petroleumsindustrien vil det bety tilgang til et miljøvennlig alternativ. Høg utvinningsgrad frå oljereservoar på norsk sokkel kan bety mykje for det norske brutto nasjonalproduktet.

Reint akademisk har arbeidet avdekka nye eigenskaper ved det aktuelle materialet, som det kan forskas meir på.  

Samarbeid

Avhandlinga til Molnes har tittelen «Evaluering av nanokrystallinsk cellulose som et miljøvennlig tilsetningsstoff i “Smart Water” for bruk i økt oljeutvinning fra sandsteinsreservoarer».

Doktorgradsarbeidet er en del av NORCEL-prosjektet, eit samarbeidsprosjekt mellom forskjellige norske og internasjonale industri- og forskingsinstitusjonar, der mellom anna UiS, UiB, NTNU og Papir og Fiberinstituttet (PFI) har deltatt.

Det blei finansiert av Forskingsrådet, gjennom prosjektet NANO2021.

Om kandidaten

Silje Nedland Molnes er 32 år og fra Stavanger. Hun har en mastergrad i bioteknologi fra NTNU og nå en doktorgrad i petroleumsteknologi fra UiS. Ho avla si doktorgrad ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultetet den 15. Juni 2017.


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (21.06.2017)

Skriv ut artikkel print symbol