Støtte til innovasjons- og teknologibygg


Rosenberg WorleyParsons er ei av mange lokale bedrifter som gir si tilslutning til planane om eit nytt innovasjons- og teknologibygg på Ullandhaug.

UiS planlegg eit teknologi- og innovasjonsbygg som skal fremje forskings- og teknologipartnarskap mellom næringsliv, myndigheiter og akademia. Bygget skal forene krefter frå akademia og industri med mål om å skape lønnsame bedrifter med gode arbeidsplasser for framtida.

Rosenberg med på laget

Hjørnesteinsbedrifta Rosenberg WorleyParsons AS på Buøy har kultur og tradisjon for å kombinere utdanning og praksis, både ved å ha mange lærlingar og gjennom etterutdanning til tilsette.

– Det er viktig å knytte utdanningsinstitusjonane til næringslivet. Derfor er denne ideen veldig spannande og bra for regionen, seier Jan Narvestad som er administrerande direktør iRosenberg WorleyParsons Rosenberg og styreleiar i Norsk Industri Rogaland.

Lønsame arbeidsplass og trygge jobbar

Bygget er planlagt på 9600 kvadratmeter og skal huse laboratorium og fasilitetar for forskarar, studentar og næringsliv. Samhandlingsarenaen er knytt til teknologiutvikling innan «olje og energi», «havteknologi» og «nyskaping og omstilling».

– Dette er ei god moglegheit til å vera med og skapa trygge arbeidsplassar i regionen i eit lågkarbon-samfunn, seier Terje Frøiland.

Han er leiar for ekstern relasjonar ved Det teknisk-naturvitskaplege fakultet ved UiS, og arbeidar blant anna for innovasjons- og teknologibygget. I bygget får bedrifter tilgang til maskiner og utstyr, som dei elles kanskje ikkje kunne investert i. Men det er mykje meir enn fysiske rom og utstyr, understreker prosjektleiaren.

– Dette er eit felles løft for ei bærekraftig framtid, både for den enkelte bedrift, regionen og nasjonen. Bygget er viktig for å skape arbeidsplassar i regionen, og for at universitetet og næringslivet saman skal bidra til å styrkje Noregs konkurranseevne på utvalde områder kor me kan hevde oss, seier Frøiland.

Jærsk dugnadsånd

For å få fortgang i planane, frir han til bedriftsleiarar for å på plass eit spleiselag.
– Eg har stor tru på den jærske dugnadsånda. Saman har me hatt suksess før, og me skal klare det igjen. Difor håpar eg mange i regionen ser at dei kan ha nytte av eit slikt bygg, og signerer intensjonsavtale om partnarskap med UiS om bruk av bygget når det står ferdig, seier Frøiland.

I mars fekk lokale bedrifter presentert planane på eit møte i Næringsforeningen. Frøiland følgjer opp med bedriftsbesøk for å høyre kva kvar einskild bedrift har behov for.

– Bedriftene er positive, og dei ser at ved å samarbeide og tenke nytt saman, kan vi skape lønnsame bedrifter med gode arbeidsplasser for framtida, seier han.

Geir Austigard, konsernsjef i Øglænd System AS er ein av dei som er svært positiv til samarbeidet som har som mål å redusere finansieringsbehov og investeringsrisiko.
– Dei fleste produksjonselskap i Rogaland ser nytten av å samarbeide seg i mellom, og av å samarbeide med universitetet, seier han.

Tekst og foto: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (29.06.2017)

Skriv ut artikkel print symbol