Norske forskarar gjev ny innsikt i det engelske språket


Takka vere norske forskarar er ei ny database med engelske mellomaldertekstar tilgjengeleg for forskarar over heile verda. Tekstane gjev ny innsikt i utviklinga av det engelske språket.

Ei tekstsamling med over 2 000 tekstar på mellomalderengelsk vart lansert denne veka på Universitetet i Stavanger i forbindelse med den tiande internasjonale konferansen i mellomalderengelsk (ICOME10)

Samlinga består av tekstar frå perioden 1399 til 1525 som forskarane har tyda og transkribert og gjort tilgjengeleg digitalt. Databasen har tittelen «A Corpus of Middle English Local Documents» (MELD) og er den andre tekstsamlinga som forskarar ved UiS har digitalisert.

Den fyrste tekstsamlinga består av alle moglege slags tekstar og tener namnet «The Middle English Grammar Corpus» (MEG-C). Desse tekstane er kategoriserte etter geografisk heimhamn.

Samlinga brukast verda over av forskarar og andre som forskar og underviser i mellomalderengelsk.

Dokumentariske tekstar

Den nye databasen inneheld avtalar, leiekontraktar, kvitteringar, salsannonsar, salskontraktar, brev av alle typar, offisielle så vel som private. Felles for desse tekstane er at dei høyrer til ein stad og til konkrete personar.

I motsetnad til den fyrste tekstsamlinga, er dette nye tekstarkivet ei samling dokumentariske tekstar, administrative tekstar som kan stadfestast i tid og stad i motsetnad til dikt og litterære tekstar, som ofte er kopiar og som det er vanskeleg å finne opphavet til.

– Desse tekstane er skrivne der og då. Vi kjenner i mange fall forfattaren og vi kjenner staden teksten er skriven, forklarer professor Merja Stenroos.

I over ti år har ho vore leiar for ei lita, men produktiv forskargruppa i mellomalderengelsk i Stavanger. Saman med forskarane Kjetil V. Thengs, Geir Bergstrøm, Delia Schipor og Anastasia Khanukaeva har Stenroos nyleg avslutta ein fireårsperiode med midlar frå Forskingsrådet.

Bortgøymde tekstar

Tekstane som no er digitaliserte, har ikkje vore tilgjengelege for forskarar i særleg grad.

Det var arkivarar på byrjinga av 1900-talet som katalogiserte desse dokumenta. Då vart engelske og latinske tekstar katalogiserte om ein annan.

– For historikarane, som er dei som har forska mest på dette materialet, var det hipp som happ kva språk tekstane var skrivne på. Dei har vore lite tilgjengelege for språkforskarane. Desse bortgøymde tekstane er no altså kome fram i lyset i digitalisert form, lett tilgjengelege, fortel Stenroos.

Mykje arbeid ligg bak tekstsamlinga. Språkforskarane har reist rundt til universitetsbibliotek og arkiv, til og med gamle slott i Storbritannia og lese, tolka og skrive av dei handskrivne dokumenta. Dei har laga fire versjonar av kvar tekst, ein av dei er ein vanleg tekst som kan lesast av alle.

Tett på livet

– Det er frykteleg gøy å jobbe med denne nye tekstsamlinga, seier Stenroos.

Ho opplever å kome litt inn på livet til dei menneskja som står bak tekstane.

Eit eksempel på ein tekst kan vere ei rik godseigardame som har latt skrive ned alt av inventar på godset sitt.

– Gjennom denne teksten får vi vite noko om denne dama, om kva ho eigde og brukte av klede og sengety. Det er så gøy, vi kjem heilt inn på livet hennar!, seier Stenroos, som legg til at mange historikarar har brukt desse tekstane i forskinga si. No er det lingvistane sin tur.

Tenkjer nytt om det engelske språket

Stenroos og forskarane ved UiS – og kollegaer dei samarbeider med – har begynt å tenkje nytt om korleis handtere historiske kjelder og korleis dei skal fortelje historia om det engelske språket.

Ifølgje Stenroos er det stor forskjell mellom til dømes Noreg og England på denne tida. I Noreg var administrative tekstar stort sett produsert i større sentra, medan i England vart det skrive tekstar mest over heile landet. Dei kyrkjelege sentra var berre ein del av det skrivande miljøet. Byane hadde sin eigen administrasjon til liks med dei store landeigedommane.

– Ein har tenkt at dei sentrale by- og universitetssentra, som London, Oxford og Cambridge, har vore dominerande når det gjeld å utvikle eit sentralt standard språk, men det er ikkje nødvendigvis tilfelle. Dei som jobbar sentralt kom frå forskjellige stader og skreiv forskjellig, forklarer Stenroos.

– Ideen om at engelsk vart standardisert på 1400–1500-talet med ein type kansellistil, ser ikkje ut til å stemme. Tekstane i denne samlinga viser eit vell av ulike stilar, og folk skilde ikkje mellom språka slik vi gjer i dag. Dei kunne skrive latinsk, fransk, engelsk i ein og same tekst, ja, også walisisk og keltisk, seier Stenroos.

– Standardiseringen kom ikkje før langt etterpå, og var nok mest knytt til trykkekunsten. Vi må ikkje gløyme at administrative tekstar og brev stort sett var handskrivne nesten heilt fram til vår tid, påpeiker Stenroos. 

Tekst: Karen Anne Okstad

Les også: 
Unik tekstsamling lanseres på UiS på universitetet sine nettsider
Vindu mot middelalderen  på forskning.no

 


Sist oppdatert av Maria Gilje Strand (06.06.2017)

Skriv ut artikkel print symbol
En bunt hanskrivne dokument fra mellomalderen.
Bildet viser en bunt mellomaldertekster. Språkforskarane har reist rundt til universitetsbibliotek og og arkiv, til og med gamle slott, i Storbritannia og lese, tolka og skrive av dei handskrivne dokumenta.

FØLG UIS I SOSIALE MEDIER