11 millionar til ung toppforskar


Professor Tomas Brauner er einaste mottakar i årets tildeling i ToppForsk-UiS. Tildelinga betyr ei styrking av fysikkmiljøet ved UiS.

ToppForsk-UiS er UiS og Universitetsfondet sitt toppforskingsprogrammet for unge framifrå forskarar. Programmet har ressursar til å finansiere to til fire prosjekt årleg, og forskingsprosjekta kan vare i opptil fem år.

I år var prosjektet «Spontaneous breaking of spacetime symmetries: Emergent order in quantum matter» einaste som kom gjennom nålauga.

Symmetri i grunnleggjande naturlovar

For Tomas Brauner betyr det at han realisere idear som det elles hadde vore vanskeleg å gjennomføre i like stor grad.

– I tillegg er tildeling eit bidrag til det veksande fysikkmiljøet ved UiS, og det gjer det mogleg å halde aktiv konktakt med kollegaer og samarbeidspartnarar i utlandet, seier han.

Tomas Brauner er professor ved Institutt for matematikk og naturvitskap ved UiS, kor han arbeider med ulike aspekt innan kvantefeltteori. Hovudmålet med prosjektet han nå får støtte til er å betre forstå symmetriens rolle i de grunnleggjande naturlovane.

– Prosjektet er tverrfaglig, og skal blant anna sjå nærare på strukturen i kjernematerie i ekstreme magnetfelt, som i nøytronstjerner, forklarar han.

Prosjektet skal òg gi forskarane meir kunnskap om kvifor nokre materialar, som væsker, er uniforme, mens andre, som krystallar, magnetar, superledare eller superfluider, har ein intern «orden» eller struktur.

– Til slutt skal vi utvikle matematiske verktøy som gjer det mulig for andre som driv grunnforsking å analysere eigenskapane til slike materialar meir effektivt, fortel Brauner.

Det totale budsjettet for prosjektet er på rundt 11,7 millionar, kor 3,7 millionar er frå Universitetsfondet og resten er frå TN-fakultetet og IMN. I tillegg til Brauner er det to doktorgradsstudentar og ein postdoktor i prosjektet. Oppstart er i august 2017.

Stimulere unge talentfulle forskarar

Målet med ToppForks-UiS er å bidra til å stimulere unge talentfulle forskarar, samt å byggje opp kompetansen og forskingsmiljø rundt dei, slik at dei kan nå opp i konkurransen om midlar frå Forskningsrådet og hevde seg med søknadar til European Research Council (ERC) og andre av EUs forskingsprogram.
 
Sidan første tildeling i 2015 er det delt ut 58 millionar til sju unge toppforskarar. I fjor fekk fire forskarar støtte, medan to unge forskarar fekk støtte i 2015.

Tekst: Karoline Reilstad


Sist oppdatert av Karoline Reilstad (18.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol