Disputas om «smart vatn»


Iván Darío Piñerez Torrijos har avlagt doktorgrad om bruken av såkalla smart vatn for å forbetre utvinninga av olje.

I oljeproduksjon er det vanleg å pumpe sjøvatn ned i reservoaret for å drive meir olje ut. Dette er ikkje ein enkel prosess, og forskarar ved blant anna Universitetet i Stavanger har lenge jobba med å utvikla betre metodar.

Mellom anna har dei undersøkt moglege effektar av å justere mengda salt i vatnet, og dermed den kjemiske samansettinga, for å få enda betre effekt. Resultatet kallast «smart vatn».

Torrijos’ nye doktoravhandling bidreg med konsept som kan gi ei betre forståing av mekanismane bak smart vatn i forbetra oljeutvinning. Torrijos tok føre seg både sand- og kalksteinsreservoar, og undersøkte kva som skjer på dei ulike fasane i prosessen.

Torrijos disputerte til doktorgraden 31. mars, med avhandlinga «Enhanced oil recovery from Sandstones and Carbonates with “Smart Water“».


Sist oppdatert av Leiv Gunnar Lie (11.05.2017)

Skriv ut artikkel print symbol